- Flyktningane er ein ressurs
- Vi må ikkje sjå på dei som ei gruppe vi må hjelpa, men ei gruppe som kan bli ein ressurs for oss, meiner fyktningekoordinator i Fusa, Linda Kjosaas.
Ho synest Fusa-folket så langt har gjort ein god jobb med å ta vel imot sine nye medbygdingar, og håper positiviteten held fram når det kjem fleire.
- Alle kommunar må bidra og det vil koma fleire framover, også mindreårige som kjem åleine, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kompetansen trengs heime
Kjosaas har eitt års vikariat som flyktningekoordinator i Fusa. Ho byrja i jobben januar, då ho kom heim frå Libanon med mann og barn, etter ni års erfaring ute i verda, innan naudhjelpsarbeid i FN-systemet og andre organisasjonar.
I tillegg til eit enormt press på Libanon og resten av dei kringliggjande områda, har Syria-krisa ført med seg ein ny flyktningesituasjon over heile den vestlege verda. Særleg i Europa.
I kjølvatnet av den auka tilstrauminga har det også blitt oppretta mange nye stillingar knytte til arbeid med flyktningar rundt om kring i dei fleste Europeiske land.
- Mange i FN-nettverket mitt har den siste tida reist heim til sine land og bruker no kompetansen sin innan flyktningearbeidet der, fortel ho.
Sjølv syntest ho det virka interessant å få koma heim til Fusa å jobba med noko relevant.
- Det passa godt at det no blei behov for kompetansen min her.
Rekneskapen kan gå i pluss
- Det å ta imot flyktningar er eit tapsprosjekt i starten, sjølvsagt, men når den perioden er over er målet at dei så bra integrerte at rekneskapen går i pluss. Derfor er det ekstra viktig å gjera ein god jobb nettopp i starten, seier ho.
Etter fire års jobb med å ta imot syriske flyktningar i vesle Libanon - eit land som i arealstorleik berre dekkjer to tredjedeler av Hordaland fylke, men huser kring fire millionar innbyggjarar og to millionar flyktningar - har ho fått solid erfaring med kva som må til.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Integrering er ein tovegs prosess. Vi treng aktive lag og organisasjonar som opnar opp og tek imot. Eit integreringsprosjekt kan vera like interessant for vanlege fusingar som for dei som kjem hit.
Ho minner om at kommunen har eit uttrykt ønske om befolkningsvekst - og her kjem ein gyllen sjanse til å bli fleire.
Stort engasjement
- Eg føler Fusa har vore flinke til å ta imot dei flyktningane dei har fått hit. Lokalbefolkninga er engasjerte og opne. Mange viser eit privat engasjement langt utover arbeidsbeskrivinga. Eg håper det held fram slik, for det er godt mogleg det kjem fleire, seier Kjosaas.
Ho meiner det er viktig å oppretthalda engasjementet.
- Fusa har vore veldig heldige med dei flyktningane som har kome hit. Dei er utruleg flotte folk og har integrert seg godt. Eg har veldig respekt for dei og måten dei integrerer seg på.
Ho har eit stort håp om at dei får reelle moglegheiter til å bli ein del av lokalsamfunnet, på alle måtar,
- Her kjem mange arbeidsame folk med god kompetanse. Utfordringa blir å få brukt den. Derfor må dei bli linka opp mot dei rette instansane. Om vi gjer det riktig får vi befolkningsvekst,
Treng jobb og utdanning
Ho er redd bygda vil tape verdifulle ressursar om nokre år om dette ikkje skjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I så fall får vi alt arbeidet no, så taper vi ressursar igjen etter kort tid. Derfor er mi utfordring no å hjelpa dei som har vore her ei stund ut i arbeid.
Mange av dei syriske flyktningane har vore i Fusa sidan desember 2014. Dei har rett på å vera del av integreringsprogrammet dei første to åra. Då får dei litt løn for å delta. Målet er å bli god nok i norsk til å byrja i jobb eller ta utdanning.
- Ein del er klare for jobb og skule no. Eg håper inderleg at dei får dei sjansane dei fortener og som kan få dei til å bli verande her i Fusa. Vi ønskjer jo befolkningsvekst.
Fleire utfordringar
- Kva er dei største utfordringane du ser?
- Førarkortet er ei stor utfordring for mange. Det er dyrt å ta førarkort og dyrt å kjøpa bil. Samtidig - korleis skal dei klara seg utan bil her i Fusa, der det går så få bussar?
Fusa må også ta imot ein del einslege, mindreårige flyktningar framover.
- Dei er einslege born og unge under 18 år, treng ein heim. Då blir det eit behov for fosterheimar og bemanna bufellesskap. Vi må ha eit støtteapparat klart.
Kjosaas seier at alle kommunar må gjera seg klare for å ta imot denne spesielle gruppa flyktningar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei er i ein sårbar alder og kan ikkje sitja og venta på mottak i månadsvis. Dei er born som har hatt ein tøff reise mot Europa. Undervegs har dei måtta vera sjølvstendige og sterke, når dei har opplevd ting som born ikkje bør. For dei er berre born. Då håper eg Fusa-samfunnet er klart.
Treng fleire frivillige
Kjosaas synest det mest positive i Fusa er at folk står saman, og hjelper kvarandre. Det er ein bygdementalitet ho set pris på, også i den nye jobben sin.
- Veldig mange kjem for eksempel på språkkafeen.
Språkkafeen held hus på Fusa vidaregåande, anna kvar tysdag.
- Der lagar vi mat, speler spel, pratar og leikar. Det er ein hyggjeleg samlingsplass og fusingane er flinke til å koma. Det er tydeleg at fleire synest det er kjekt med ein ny møteplass.
Likevel, framleis trengs fleire besøksvener og frivillige som kan øvelseskøyra med flyktningar som vil ta "lappen".
På ønskjelista står også kontakt med fusingar som kan leige ut hyblar og andre husvære. Dessutan er det eit behov for leksehjelp.
- Kort sagt treng vi fleire eldsjeler som vil bidra med seg sjølve.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er også behov for verksemder som vil ta flykningar inn i arbeidspraksis, språkpraksis og lærlingebedrifter.
- Det er berre ta kontakt med flyktningetenesta i kommunen om ein vil bidra, seier Kjosaas.