Flittig 4H har laga eigen gapahuk
I utmarka på Vinnesholmen har det reist seg ein gapahuk som 4H-laget står bak.
- Gapahuken bygde me for å ha ein base-camp til grilling, møte og slikt, fortel Sindre Moen (16) som er kasserar i Flittig 4H.
Dei byrja arbeidet i april.
Artikkelen held fram under annonsen.
-Flittig 4H har medlemer frå nær alle bygdene i Fusa, men dei fleste er frå Fusabygdo, Vinnes og Strandvik. Spesielt var det mykje folk frå Vinnes som stilte på dugnaden, fortel Moen.
Snart er det offisiell opning der det mellom anna skal gjerast stas på sponsorane til gapahuk-prosjektet.
Fleire prosjekt
Gapahuken er eitt av prosjekta som laget har hatt dette året. Andre har drive med mellom anna matlaging.
Under den årlege haustfesten første veka i november, vart dei ulike prosjekta presenterte.
Medlemene i Flittig 4H er frå 9 til 16 år gamle. Men det er ikkje berre medlemer som skal kunna bruka gapahuken.
- Vinnesholmen ligg fint til og er lett tilgjengeleg. Me har kjøpt bålpanne som dei som vil kan nytta, seier Moen.
Husmannsplassen med innmark og utmark er no fråflytta, men blir utleigd i sommarhalvåret og er staden for ulike aktivitetar i alle årstider. Her finn ein villsauer, eit rikt fugleliv og gode fiske- og bademogelegheiter.