Fleirtal mot sundagsopne butikkar
Formannskapet i Os vil halda kviledagen heilag. Saka splitta Frp, og Terje Søviknes og Espen Aspenes hamna i kvar sin mindretalsposisjon.
Den heilt uvanlege situasjonen oppstod i formannskapet tysdag, der søndagsopne butikkar stod på agendaen til formannskapet. Marie Bruarøy fann fram til partiets konservative grunnhaldning med orda: "Eg er konfortabel med slik me har det i dag". At partiet på landsplan er dei som har teke initiativet til høyringa, kunne Bruarøy såleis sjå vekk frå.
- I denne saka er eg først og fremst lokalpolitikar. Og her lokalt har det vore lite entusiasme for søndagsopne butikkar - snarare har det vore eit kraftig mindretal, sa Bruarøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men ho var ikkje meir konservativ enn at ho uttrykte glede over butikk-tilbodet på Vedholmen og Hagesenteret på søndagane, noko som fekk Arbeiderpartiets Lars Atle Skorpen til å utbryta: "Så du er heilt konsekvent inkonsekvent?"
- Øyro kan bli skadelidande
Marie Bruarøy hamna på alternativ C, nei til søndagsopne butikkar, og fekk snart støtte frå Jon Sivert Rykkel i Venstre, som også var ueinig med moderpartiet.
- Eg må tilstå at eg synest Venstre har argumentert skikkeleg dårleg for seg sentralt. I denne saka er det ikkje bra at saka vert bestemt lokalt. Dersom Bergen går inn for dette, vil det tvinga nabokommunar til å gjera det same. Difor må dette avgjerast nasjonalt, meinte Rykkel.
Han viste også til prosjekt Liv på Øyro, som han meinte kunne bli forpurra av søndagsope.
- Skal små nisjeverksemder ha råd til å tilsetja kompetent personell på søndagen? spurde Rykkel.
Men Venstre-mannen var ikkje berre glad for ordninga me har i dag. At hagesentera skal ha lov til å selja alt frå grill til hagemøblar på ein søndag var døme på noko han ikkje tykte var bra.
Høgre delt på midten
Spenninga auka då Bjørn Matland var usamd med partifelle Bruarøy. Han viste til at samfunnet alt er blitt slik at mange jobbar søndagar. Banksektoren som Matland jobbar i, har ein kundesørvis med opningstider til kl 23 kvar dag, inkludert søndag.
- At utviklinga har gått stadig meir i den retninga pressar fram at det bør vera søndagsope også i butikkane. Mange folk seier at dei ikkje vil ha søndagsope, men når dei får tilbodet, viser det seg at dei nyttar seg av det likevel, sa Matland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mot påstandar om at dette kan slå dårleg ut for sentrumsbutikkar, sa han at han trudde butikkane kunne tena meir pengar på helgehandling frå både båtturristar og bubilturistar, som er eit satsingsfelt i kommunen.
- Og dei som meiner det er feil å handla på søndagar, kan framleis la vera, sa han.
Harald Døsen i Arbeidarpariet var raskt på pletten til støtte for alle arbeidarane som i så fall må belaga seg på søndagsarbeid.
- Dette er kanskje frivillig for den enkelte forbrukar, men det er ikkje frivillig for butikktilsette, sa Døsen.
Ikkje uventa fekk Matland støtte frå ein "hardliner" i Frp, nemleg Espen Aspenes.
- For meg er denne saka enkel. Dette greier handelsnæringa fint å regulera sjølv. Lova som regulerer dette er frå 1985, og sidan den tid har me både hatt ei omfattande samfunnsutvikling, og me har endra oss som menneske. Men det minste ein kan krevja av dei som er negative, er at dei er prinsipielle. Då må dei vera for å stengja butikkar som alt er opne på søndagar. Kvifor er det betre å handla på Bunnpris i Søre Øyane enn på Coop på Flåten? spurde Aspenes.
Dei andre påpeikte at dei hadde då sagt at dei ikkje var glad i dei urettferdige sidene ved dagens situasjon.
- Eg meiner faktisk at me bør gå eit steg tilbake, sa Terje Sperrevik (TvS). Lat kviledagen vera heilag. Og me treng heller ikkje å handla klokka 23 om kvelden, la han til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppsplintring i Frp-leiren
Ei stund såg det ut til å vera uavgjort mellom desse fløyene, men det viste seg snart at ikkje berre Høgre, men også Frp ville fristilla si gruppe under røystinga. Og Terje Søviknes var uvanleg nok ikkje samd med nokon av sine partifeller. Etter å ha vist til noko lunde dei same prinsipielle argumenta som Matland og Aspenes, kom han med sit store men:
- Det som uroar meg mest er kostnaden ved ei slik omlegging. Det ligg ein kostnad i å utvida opningstidene. Den kostnaden kjem me som forbrukarar til å måtta betala, sa han. Han var også til dels einig med dei som viste til at store kjeder kunne få ein fordel overfor små nisjebutikkar.
- Dei store kjedene kan basera seg meir på innleigd arbeidskraft enn kva mindre nisjebutikkar og familieverksemder kan gjera, sa han, før han kom med eit kompromissforslag:
- Eg har tenkt å gjera det heroiske grepet å sørga for eit borgarleg fleirtal ved å gå for Venstre sitt framlegg (på landsplan, journ. mrk.) som går ut på at dette bør bestemmast lokalt, sa Søviknes.
Men Marianne Hjelle, også Frp, ville det annleis.
- Eg landar på alternativ C i dag, nei til søndagsopne butikkar. For meg er kostnadene det som veg tyngst. Pengane våre rekk ikkje til fleire innkjøp sjølv om me har ein dag ekstra å handla på. Kostnadene for butikkane vil altså gå opp, utan at omsetninga kjem til å gjera det same. Det kjem me forbrukarar å måtta betala i form av høgare prisar, sa Hjelle.
Ei historisk røysting
Avrøystinga for dei ulike alternativa vart som følgjer: Bjørn Matland og Espen Aspenes røysta for fullt frislepp. Terje Søviknes røysta som einaste representant for at dette skal vera opp til kvar enkelt kommune. Eit fleirtal beståande av 1 Frp, 1 H, 1 Ap og 1 V og 1 TvS gav eit solid fleirtal for at søndagen forblir annleisdagen. Lars Atle Skorpen stemte blankt.
- Dette må me gjera oftare, kommenterte Terje Sperrevik, etter at den historiske konstellasjonen av politikarar på kryss og tvers av venstre/høgre-aksen var eit faktum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men kommunestyret har siste ord i høyringsrunden, og det fell 16. juni.