Fleire tjuveri måndag. Kan ha blitt observert på kamera
To verksemder har opplevd tjuveri i det same område på kort tid.
Måndag morgon melde politiet at dei hadde fått melding om tjuveri frå ei verksemd nord for Osøyro. Nokre timar seinare, kom det inn ei melding om tjuveri av lastebildelar. Også dette nord for Osøyro.
Politiet skriv at det kan henda dei skuldige kan identifiserast ved å sjå på opptak frå overvakingskamera.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Verksemda vil melda hendinga, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.
Ho presiserer også at dette ikkje er same verksemda som melde frå nokre timar tidlegare måndag.