Ordførar Terje Søviknes har fått fleire førespurnader knytt til  Lidl-lageret dei siste dagane.
Ordførar Terje Søviknes har fått fleire førespurnader knytt til Lidl-lageret dei siste dagane.

Fleire nye førespurnader om Lidl-lageret

Ordførar Terje Søviknes opplyste i formannskapet i dag om at fleire potensielle leigetakarar har kontakta han etter at MX Sport viste si interesse

Som «Os og Fusaposten»skreiv om måndag, har Skeie-brørne saman med Odd Arne Larsen, inngått leigekontrakt med Reli Os AS om å leiga ein stor del av Lidl-lageret.

- Ballen begynt å rulla

Til politikarane kunne ordføraren i dag fortelja at dette har vekt merksemd blant fleire andre næringsdrivande.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har fått fleire førespurnader no på tre dagar enn kva eg har fått på ein lang periode. Det er veldig kjekt at ballen no ser ut til å ha begynt å rulla, sa ordføraren.

Lidl-lageret har vore kalla Noregs største ubrukte bygning, etter at Lidl trakk seg ut av den norske daglegvaremarknaden i 2008. I fjor tok det til å skje noko, då Veidekke kom inn som første leigetakar - rett nok på utsida av sjølve bygningen med sin brakkerigg.