Fleire fusingar og osingar
Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) auka folketalet i Fusa med 14 personar i 1. kvartal i 2016. I Os var auka på 91 personar.
Dermed hadde kommunen eit innbyggjartal på 3.890 ved utgangen av mars 2016.
Auka skuldast ifølgje nettsida til Fusa kommune tilflytting.
Artikkelen held fram under annonsen.
I same periode vart det fødd seks born, medan 11 personar døydde. Det betyr at kommunen hadde eit fødselsunderskot på 5 personar.
37 personar flytta til Fusa frå andre stader i Noreg, medan 27 flytta frå Fusa til ein annan kommune. I tillegg er viser statistikken at 12 personar innvandra til Fusa, medan tre utvandra. Netto tilflytting til kommunen var med andre ord på 19 personar.
91 i pluss
Også i nabokommunane har det vore ei auke i innbyggjartalet. Os fekk 91 nye innbyggjarar, og er dermed oppe i eit folketal på 19.833. Fødselsoverskotet i perioden var på 21 personar, medan tilflyttinga til kommunen var på 236. Av desse kom 35 frå andre land. I første kvartal 2016 flytta 166 personar frå Os kommune. Kommunen hadde dermed ei netto tilflytting på 70 personar.
I Samnanger auka folketalet med 15 personar, på Austevoll med 31. Tysnes hadde nullvekst i same periode.