Netto innflytting på 37 personar gjev Fusa kommune pluss i folketalsrekneskapen for 2016. (Illustrasjonsfoto)
Netto innflytting på 37 personar gjev Fusa kommune pluss i folketalsrekneskapen for 2016. (Illustrasjonsfoto)

Fleire fusingar

Trass fødselsunderskot auka folketalet i Fusa med 19 personar i 2016.

Det betyr at kommunen ved årsskiftet hadde 3.895 innbyggjarar.

Årsaka til auka er ifølgje Statistisk sentralbyrå (SBB) tilflytting. For medan det berre var 24 fusingar som kom til verda i 2016, gjekk 42 bort. Kommunen hadde altså eit fødselsunderskot på 18 personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fusa er den einaste kommunen i regionen som har eit fødselesunderskot, går det fram av nettsida til Fusa kommune.

Svak folkevekst i Noreg

I Samfunnsdelen til kommuneplanen er målet til Fusa kommune at folketalet skal gå opp med 0,8 prosent i perioden 2011-2023. Auka i 2016 er på vel 0,5 prosent.

- Ei nettoinnflytting på 37 personar gjer at Fusa kjem positivt ut når det gjeld folketalsutviklinga, heiter det på nettsida.

Også andre stader i regionen opplevde ein auke i folketalet i 2016. Det er ingen overrasking at folketalet i Os går opp. Her var auka på 2 prosent, eller 410 personar. Meir overraskande er det nok at folketalet på Tysnes og i Samnanger har gått opp med høvesvis 1,75 (50 personar) og 1,8 prosent (45 personar).

I Noreg var folketalet per 1. januar 2017 5.258.317. Det er ein vekst på 44.300 personar sidan i fjor, og er den svakaste veksten i Noreg sidan 2006.