Fleire bustader er utan ferdigattest i Bjørnafjorden. Slik unngår du oppfølging og bot
Av ulike årsaker, er det «ein god del» bustader og fritidsbustader i Bjørnafjorden kommune som ikkje har ferdigattest, men som likevel er godt brukte.
Det skriv kommunen på sine heimesider.
– Når du byggjer hus eller hytte, er det eit lovkrav å ha ferdigattest eller mellombels bruksløyve på plass før du kan ta bygget i bruk, vert det påpeika.
Artikkelen held fram under annonsen.
No vil kommunen rydda opp.
– I løpet av nyåret vil vi kontakta aktuelle huseigarar som manglar ferdigattest eller bruksløyve. Dersom du veit at dette gjeld deg, treng du ikkje venta på brevet frå oss. Send søknad om ferdigattest så snart som mogleg, så slepp du vidare oppfølging av saka og eventuelle bøter, oppmodar leiar av byggesaksavdelinga, Idar Landro på kommunen sine nettsider.
Kva er ferdigattest/mellombels bruksløyve?
Ein ferdigattest markerer slutten på kommunen si involvering ei byggesak og er eit bevis på at bygget er oppført i samsvar med løyvet/løyva som er gitt. Eit mellombels bruksløyve gir rett til å ta bygget i bruk, sjølv om ikkje alle vilkår i løyva er oppfylte.
Alle bustadar/fritidsbustadar må ha ferdigattest/mellombels bruksløyve for å bli tatt i bruk, jamfør plan- og bygningslova §21-10 og byggesaksforskrifta kapittel 8-1.
Kjelde: Bjørnafjorden kommune
Manglar din bustad ferdigattest/bruksløyve, er oppmodinga å søkja om dette så snart som mogleg.
– Ferdigattest eller bruksløyve er eit lovkrav for at du skal kunne bruke bustaden eller fritidsbustaden. Utan dette på plass, er det faktisk ikkje lovleg å bruke bygget. Det betyr at du risikerer bøter eller andre reaksjonar i samsvar med plan- og bygningslova kapittel 32, skriv kommunen.