Fleire båtmotorar stolne i Fusa
Politiet er interessert i tips.
- Natt til torsdag er det stole eit ukjent antall båtmotorar frå båthavna i Kvålsvågen. Båthavna ligg mellom Eikelandsosen og Fusa, opplyser politiet på twitter.
Politiet er interessert i opplysningar dersom det er observert unormal aktivitet i området, eller observert kjøretøy, som kan ha plass til tunge båtmotorar, på strekninga i løpet av natta.
Artikkelen held fram under annonsen.
jostein@osogfusa.no