- Fjellheim kan husa 70-100 asylsøkjarar
Os kommune har kartlagt moglege stader for innkvartering av asylsøkjarar. Fjellheim er ein av desse.
Med det auka behovet for mottaksplassar for asylsøkjarar, er Os kommune beden om å kartleggja moglege stader for innkvartering. No har kommunalsjef Nils-Petter Borge sendt svar til Fylkesmannen.
- Os kommune ved politisk og administrativ leiing har hatt ein gjennomgang av bygningsmassane som kommunen enten eig eller disponerer. Vi ser i utgangspunktet ikkje for oss at vi har lokale som kan understøtta dei behov som er skissert, skriv Borge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dårleg branntryggleik
Lokala kommunen har vurdert er mellom andre Fjellheim. Her ser kommunen for seg at det kan vera mogleg å husa ein stad mellom 70 og 100 menneske.
- Det finst brukbare fasilitetar for toalett, medan dusjanlegg manglar. Etter konferanse med brannsjefen blir det opplyst at det manglar skikkeleg brannvarslingsanlegg, men tryggleiken kan kompenserast med våken nattevakt og oppgradering av sløkkeutstyr, skriv Borge.
Huset er i dag tomt, utan innreiing eller andre fasilitetar.
- Det må klart gjerast ein litt grundigare ROS-analyse på dette før vi kan konkludera, understrekar kommunalsjefen.
Han legg til at det finst fleire mindre samfunnshus/ungdomshus i Os kommune.
- Felles for desse er at dei nok ikkje er i stand til å husa fleire enn det vi har skissert i Fjellheim. Uansett vil vi som kommune måtta ta kontakt med eigarane av desse husa før ein eventuelt kan gå vidare i prosessen, avsluttar Borge.