Fire sjåførar fekk bot for å snakka i mobiltelefon
I løpet av helga har fire personar fått forenkla førelegg for å snakka i mobiltelefon medan dei køyrte bil.
Det første førelegget vart skrive ut i Byvegen klokka 12.48 laurdag. Ei kvinne, fødd i 98, fekk bot for å snakka i telefonen bak rattet.
Som følgje av episoden vart politiet ståande i Byvegen dei neste to timane for å sjekka om det var andre som gjorde det same.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kontrollen enda i ingen reaksjonar, så det var veldig positivt, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Anne Lyssand.
Litt seinare same dag derimot, i Byvegen og i Kuvågen, fekk ein mann fødd i 86 og ei kvinne fødd i 78, bot for same lovbrot.
Det same gjorde ein mann fødd i 65. Han vart stogga i Hatvikvegen i 13-tida søndag.
– Det vart altså skrive ut fire forenkla førelegg for mobilbruk i helga, seier Lyssand.
To påkøyrde kattar
I løpet av helga har politiet også fått melding om to påkøyrde kattar.
Den eine påkøyrselen fann stad på Søfteland. Der skal katten å stukke til skogs. Det vart iverksett leiting, utan resultat.
Den andre katten vart påkøyrd i Hegglandsdalen. Personen som meldte frå hadde funne katten. Politiet kom og henta han, og tok han med til ein dyreklinikk.