Fire nye smittetilfelle i Bjørnafjorden - eitt med ukjend smitteveg
Det opplyser kommunen måndag.
Fire personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden søndag.
Dei fire er:
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvinne i 60-åra. Smitta av nærkontakt i husstanden.
Mann i 20-åra. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
Kvinne i 20-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg, samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage.