Fire mindre trafikkhendingar på eitt døgn
Politiet melder om fire trafikkhendingar sidan torsdag.
Ein bil vart stansa på Nore Neset på grunn av manglande lys. Dette må no framvisast og utbetrast.
Ein førar vart gjeven åtvaring for uaktsam køyring, medan ein førar fekk munnleg brukforbod for manglande omregistrering.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet har også varsla eigaren om ein parkert bil i Hegglandsdalen.
– Publikum treng ikkje ta kontakt om denne saka, opplyser politiet.