Fire månader i tursko
I dag set Jon Espevik, Trygve Berentzen og Patrik Søreide seg på flyet til Honningsvåg. Dei neste månadene skal turkameratane gå om lag 3.000 kilometer frå Nordkapp i nord til Lindenes i sør, eller Noreg på langs om du vil.
- Eg har bestilt 15 grader og sol heile vegen, seier Espevik og ler.
Utstyret er på plass. Sekken pakka. Turen som byrja som ein halvvegs spøk, er berre timar unna.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Målet er å styra mest mulig unna vegen, og å følgja turstiane nedover. Vi kjem til å ta det roleg i starten, kanskje eit par mil for dagen, men etter kvart som vi kjem litt meir inn i det er planen å gå tre mil daglig, fortel Espevik.
- Første veka tøffast
Det var han som tente turgnisten i gruppa. Då han spurte kameraten Trygve Berentzen om han ville vera med å gå på ski over Hardangervidda i vinter, føreslo Berentzen ein endå lengre tur.
- Eg kunne ikkje lata han sleppa unna med det, seier Espevik.
Dermed vart det tur. Duoen inviterte òg med seg Patrik Søreide, som hadde invitert Trygve med på same tur for tre-fire år sidan.
- Det var nummeret før dei gjekk den gongen, men turen vart lagt på is, difor fann vi ut at vi måtte spørja Patrik om han også ville vera med, seier Espevik.
Det ville han. Og i morgon går altså startskotet for den fire månader lange turen.
- Det vert godt å sleppa alt kjaset og maset i kvardagen, seier Berentzen.
Han trur den første veka vert tøffast.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Då skal kroppen køyrast i gang med dei nye rutinane, og akslene skal venda seg til den tunge børen. Heldigvis er det meldt kjempefint vêr. Litt svak medvind hadde heller ikkje gjort noko, seier han og ler.
Jakt og fiske
Den største utfordringa undervegs vert truleg å unngå skadar. Gnagsår, overtramp, forstua anklar eller gud forby, knekte bein kan gjera turen vanskeleg, for ikkje å seia umogleg, å gjennomføra.
Espevik fortel at han har kjøpt nye tursko, men at han har sørgd for å gå dei inn skikkeleg.
- Vi har trena regelmessig sidan datoen for turen vart stempla for tre-fire månader sidan, fortel han.
- Kva ser du mest fram til?
- Reisadalen i Nord-Troms skal vera noko av det finaste Noreg har å by på, så den gler eg meg til å besøkja. I tillegg er reinsjakta på Hardangervidda det store målet med turen for min del. To av oss er veldig glade i å jakta. Tredjemann får vera filmcrew, eventuelt bera byttet heim att, seier Espevik.
- Eg gler meg til å få min første fisk. Eg er ingen kløppar på å fiska, så om eg får dreisen på innlandsfiske, så kjem eg til å setja stor pris på det. Eg gler meg òg til å sola meg i midnattssola, seier Berentzen.
Real turmat og sjokolade
Ei anna utfordring er å få i seg nok mat. Ifølgje Espevik er det om å gjera å ikkje gå ned for mange kilo.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Maten vert sendt med post oppover. Vi fyller opp sekkane og et oss nedover i sekken. Sekken vert med andre ord lettare og lettare dess lenger vekk frå depota vi kjem, seier han.
Kosten kjem i all hovudsak til å bestå av Real turmat og sjokolade. Masse sjokolade.
Sidan 1951 er det gjennomført om lag 320 Noreg på langs-turar. Den eldste som har gått turen er 70 år gamle Gunnar Aas, den yngste 10 år gamle Camilla Alberg. Dei raskaste gjennomfører turen på mellom 60 og 70 dagar, men dei fleste bruker rundt 4-5 månader.
- Kor lang tid vi bruker kjem litt an på vêret. Det er hytter undervegs som vi kan ta inn i dersom det vert for gale. Vi må ha nokre kviledagar innimellom, seier Espevik.
- Det er langt frå å ønska noko til faktisk å gjennomføra det, men Jon klarte å lura meg til å bli med. Det skal bli godt å kjenna på roen, og å vera ute i fire månader, seier Berentzen.