På kommunen sine heimesider kan du no sjølv leita deg fram til alle dei private innspela som kom om den framtidige arealdelen i kommuneplanen. Søkinga gjer du via eit kart som kommunen har laga til. (Skjermdump, Os kommunes heimesider)
På kommunen sine heimesider kan du no sjølv leita deg fram til alle dei private innspela som kom om den framtidige arealdelen i kommuneplanen. Søkinga gjer du via eit kart som kommunen har laga til. (Skjermdump, Os kommunes heimesider)

Finn innspela til arealplanen på kartet

Os kommune har plotta alle innspela til arealplanen inn på eit kart.

På kommunen sine heimesider kan du no sjølv leita deg fram til alle dei private innspela som kom om den framtidige arealdelen i kommuneplanen. Søkinga gjer du via eit kart som kommunen har laga til.

Kor kan ein byggja?

Kommuneplanen er ein overordna rettleiar for alle planar kommunen legg, og fortel kva mål kommunen har, og korleis ein skal nå desse, forklarer kommunen på sine heimesider i samband med "nylanseringa".

Artikkelen held fram under annonsen.

Samfunnsdelen legg rammene for kva samfunnsutvikling ein ønskjer.

Arealdelen, eller arealplanen, er kommunen sin plan for framtidig arealbruk. Arealplanen seier noko om kor ein kan byggja nye bustader, naust, næringsområde, offentlege bygg og så vidare.

- Då politikarane vedtok ny samfunnsdel som legg føringar for arealbruk, blei det også nødvendig å rullera arealdelen, det vil seia vurdera planen på nytt, ta imot innspel og eventuelt revidera han. Fristen for å koma med innspel til den nye arealdelen var 17. juni 2016, opplyser kommunen på sine heimesider.

No jobbar kommunen med eit planprogram for korleis den nye arealdelen av kommuneplanen skal sjå ut. Eit utkast for denne "planen for planen" skal vera ferdig i år. Til neste år tek kommunen til å sjå på innspela som har kome inn frå innbyggarane, næringsdrivande og myndigheiter.

I kartet kommunen no har laga til på sine heimesider, kan du altså sjå dei private innspela.