Finn fram paraplyen
Sommaren kjølar seg ned med ein kraftig dusj i morgon. Langtidsvarslinga for 17. mai ser derimot lovande ut!
Etter to dagar med temperaturar på godt over 20 grader, ser det ut til å bli vêromslag på fridagen. Meteorologisk institutt gjekk i dag ut med OBS-varselet om at ein bør venta mykje regn i vest. Spesielt Sunnhordland er nemnt i varselet, som kan venta seg mellom 50 og 70 millimeter på 6 timar. Klokka 14 til kl. 22 vil vera den mest intense perioden, dersom varselet slår til. Ifølgje storm.no kan det koma heile 43,6 mm med regn i Eikelandsosen på torsdag, og 34,6 mm på Osøyro.
Lyn, torevêr og rasfare
På Twitter melder Meteorologene at det også kan bli lyn og torevêr. Årsaka til det temperamentsfulle vêret er eit møte mellom eit høgtrykk i aust og eit lågtrykk ved Island. I tillegg gjev dei høge temperaturane som har vore kraftig snøsmelting som i neste omgang kan føra til jordskredfare. På delar av Sør- og Vestlandet er jordskredfaren på gult nivå torsdag. «Bratte skråninger, samt bekker og elveløp med stor vannføring er spesielt utsatt». Der det framleis ligg snø, kan sørpeskred førekoma.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men så lysnar det
Uvêret vil vera overstått like fort som det kom. Heile langtidsvarselet er regnfritt skal ein tru yr.no. På laurdag tek temperaturane å stiga att, og på måndag kan temperaturane nå opp i tilsvarande som har vore tidleg denne veka. For 17. mai ser det førebels ut til å bli lettskya og 15 varmegrader.
ol@osogfusa.no