Leitemannskap og vener og kjente har søkt i Vik sentrum og dalsida innanfor. I ettermiddag byrjar dei å søkja etter Marita frå ferjeleiet på Vangsnes (oppe til høgre i bilete) og innover mot sentrum igjen.

Finkjemmer bygda, sterkt prega

Nær eit 20 tals vener og familiemedlemer deltek no i leitinga etter Marita Sælen. - Me held fram så lenge det er håp, seier svoger Brynjar Ulvatne.

Søket etter 46 år gamle Marita Sælen held fram med uforminska styrke på tredje dag. I tillegg til politi, sivilforsvar og Røde Kors, deltek no også mange vener og slektningar i søket etter den sakna.

- Eg har ikkje fullt oversikta, men eg meiner me er over 20 frivillige frå Os og Bergen som er med for å leita, seier Brynjar Ulvatne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ubeskriveleg

I tillegg til vener og kjente frå Os er også ein del kollegaer av Maritas ektemann med i søket. Ifølgje Ulvatne er dei fleste innstilte på å bli verande så lenge det er håp.

- Me leitar så lenge det har noko for seg å halda fram. Inntil no har me finkjemma Vik sentrum og dalstrøket innanfor. I ettermiddag skal me gå frå ferjeleiet på Vangsnes og tilbake mot Vik sentrum igjen, fortel Ulvatne.

Han slit med å beskriva stemninga blant dei leitande venene og familiemedlemene.

Siste sikre observasjon av Marita Sælen er frå denne uteplassen i Vik sentrum. I natt er det gått tre døgn sidan 46-åringen sist vart sett.
Siste sikre observasjon av Marita Sælen er frå denne uteplassen i Vik sentrum. I natt er det gått tre døgn sidan 46-åringen sist vart sett.

- Det går nesten ikkje an å beskriva. Me er sterkt prega, men bit tenna saman og prøver å backa kvarandre opp og gjera ein jobb for å finna ho, seier Ulvatne.

Ingen funn

Etter tre dagar med søk i vatn og på land, har leitemannskapet framleis til gode å finna noko som kan seia dei meir om kvar Marita Sælen tok vegen då ho forsvann natt til laurdag. Den siste sikre observasjonen vart gjort på uteplassen «Dampen» klokka 01.45.