Finansierer skulegang i Kenya gjennom boksal
Norsk Bokforlag sitt bokprosjekt har finansiert skulegangen til mange kenyanarar. I desse dagar kan du møta Mageto-Joash og Nyamwang-Mobis i Os og Fusa.
Dei to blide kenyarane skal vera i Noreg og bergensområdet i tre månader. Her er dei engasjert som bokseljarar gjennom Norsk Bokforlag, for å finansiera stuida heime i Kenya.
Dette er tredje gong dei to er i Noreg, og dei kan nøgd fortelja at dei snart er ferdige med studia.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med seg i mopedane sine har dei både barnebøker, bøker om helse, engelske bøker m.m. For kvar bok dei sel, får Mageto-Joash og Nyamwang-Mobis 45 prosent av inntektene. Desse pengane kjem svært godt med i jakta på ei utdanning i Kenya.
Dei to fortel at mange har fått seg ei god utdanning og gode jobbar, mellom anna i parlamentet, gjennom bokprosjektet, og dei er svært takknemlege for måten dei er blitt tekne i mot i Noreg.
jostein@osogfusa.no