Torunn Haugen, einingsleiar for tenesta for utviklingshemma, og Svein Jarle Vonli avdelingsleiar for Bjørnefjorden Bufellesskap, gler seg til ministerbesøk i morgon.
Torunn Haugen, einingsleiar for tenesta for utviklingshemma, og Svein Jarle Vonli avdelingsleiar for Bjørnefjorden Bufellesskap, gler seg til ministerbesøk i morgon.

Filminnspeling og fint besøk

Ikkje nok med at filmskapar Paal Winsents lagar dokumentarfilm frå Bjørnefjorden Bufellesskap. I morgon kjem også finansminister Siv Jensen på synfaring.

Finansminister Siv Jensen er på rundreise i Hordaland, og onsdag stoppar ho innom Os sitt nyaste tilbod til dei med utviklingshemming, Bjørnefjorden Bufellesskap. Partifelle Laila Reiertsen seier til avisa at dei inviterte henne for å visa ministeren dette prioriterte feltet i Os kommune.

- Å ta godt vare på dei med psykisk utviklingshemming er viktig for oss. Og det ser du på Bjørnefjorden bufellesskap, der dei har det bra på alle måter, er i trygge rammer, samtidig som dei får arbeidstrening, seier Reiertsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny dokumentarfilm

Avdelingsleiar for Bjørnefjorden bufellesskap, Svein Jarle Vonli, fortel at filmcrewet til Paal Winsents kjem til å vera til stades medan ministeren er der, som ledd i ein dokumentarfilm han held på og laga.

- Det dreier seg om ein dokumentarfilm som blir oppfølgjaren til «Jenter fra Os». No har desse jentene blitt vaksne damer, og filmen handlar om overgangen frå ungdom til vaksen for dei med psykisk utviklingshemming, seier Vonli.