Nærmar oss: Smitteverndirektør Geir Bukholm i FHI seier Norge nærmar seg smittetoppen, men at dei ikkje vet kor nær bølgjetoppen vi er.

FHI: – Vi nærmar oss smittetoppen

Smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) meiner smittetoppen er nær og at epidemien er komen lenger enn det tala viser.

– Vi trur epidemien har kome lenger enn det som er registrert. Spørsmålet er kor mykje lenger, seier Bukholm til VG.

Ei omlegging av testregimet har gjort at systemet fangar opp ein mindre del av dei som er smitta enn før, og at tala dermed blir mindre viktige for overvakinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjer det vanskeleg å vita kor nær smittetoppen er. Tidlegare er det anslått at han kan koma i månadsskiftet februar-mars.

– Vi veit at smitten er veldig høg, men vi veit ikkje kor nær vi er smittetoppen. Men vi nærmar oss toppen, seier Bukholm.

Basert på scenario frå modellering, meiner FHI at tre–fire millionar menneske vil bli smitta i løpet av vinteren, 12.000-13.000 må på sjukehus.

I FHIs siste risikorapport om omikron blir det anslått at om lag tre til fire millionar personar kan bli smitta av omikron før sommaren.