Feststøy og trafikkontroll
Det har vore ei roleg natt for politiet i Os og Fusa, men dei måtte mellom anna vera festbrems på Søfteland.
Rett etter midnatt i går, fekk politiet melding om feststøy i Storestraumen.
- Det vart klaga på festbråk, høg musikk og det eine med det andre. Festdeltakarane fekk beskjed om å roa seg ned, noko dei gjorde, før dei reiste vidare kort tid etter, fortel operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
I går kveld i 23-tida gjennomførte politiet trafikkontroll i krysset mellom Sperrevikvegen og Lyseklostervegen.
- Kontrollen vart avslutta etter at 19 bilar var kontrollerte. Det var ingenting å reagera på. Det likar vi.