Feststøy i Ulvenvegen og Hegglandsdalen
Natt sil søndag var stort sett ei roleg natt for politiet i Os.
Klokka 1 fekk politiet melding om fest og høg musikk til plage for naboane i Ulvenvegen.
Politiet rykka ikkje ut på denne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein halvtime seinare, klokka 1.30 fekk politiet melding om feststøy i Hegglandsdalen.
— Her var fleire ungdomar samla. Dei oppførte seg fint, men festen vart avslutta og smittevernreglande vart ivaretekne, seier politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Atle Birkeland.