Fest: Laurdag kl 20.30 blei det meldt om ein ungdomsfest. (Illustrasjonsfoto/arkiv)

Fest i nedlagt barnehage. Fleire ungdomar sprang frå staden då politiet kom

Politiet fekk melding laurdag kveld.

Laurdag kl 20.30 blei det meldt om ein ungdomsfest ved gamle Os barnehage som er nedlagt.

– Fleire ungdomar sprang frå staden då politiet kom. Ikkje alle lukkast i dette og det viste seg at fleire var under 18 år, opplyser vakthavande og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleire oppgav også uriktige personalia til politiet og kan difor venta vidare oppfølging frå oss.

Alder på dei impliserte skal ha vore frå 15 år og oppover.