Fersking blei fersk leiar
Etter berre eitt år som aktiv i lokallaget er det med spenning at Susanne Sperrevik (43) tek fatt på oppgåva som leiar for Os Høyre.
- Først kom det som eit lite sjokk, men no når det er ein realitet, så gler eg meg verkeleg, seier ho.
Sperrevik vart føreslått som leiar gjennom eit benkeforslag då det torsdag vart arrangert årsmøte i Os Høgre.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Forslaget var blitt nemnd for meg på førehand, men det var ikkje noko eg sjølv hadde tenkt på, så det temmeleg brått på det heile. Men no gler eg meg utelukkande, og ser berre fram til å ta fatt på samarbeidet med det nye styret og kommunestyregruppa. Ho seier dei i partiet var samde om at dei burde fordelt verva på fleire enn berre dei som sit i kommunestyret, for å få fleire engasjert og mindre press på få personar.
Ekte osing
Sperrevik er vara til kommunestyret og sit i tenesteutvalet.
Ho er 43 år gammal og bur i Lysefjorden med mann og dei tre jentene sine på 11, 14 og 22 år.
- Eg har budd mest heile livet i Lysefjorden, så eg er verkeleg osing.
Selskapet ho jobbar i, Atlantic Petroleum, var ho sjølv med og starta i si tid.
Der er ho leiar for oljeleiting og forretningsutvikling.
Det er det ho kallar eit lite oljeselskap, med dei utfordringane det gir i dagens tøffe tider for oljeindustrien.
- Vi kan ikkje anna enn å venta og sjå. Det er litt vinn eller forsvinn slik det er no, seier ho. Ho får det nesten til å høyrest udramatisk ut. Utfordrande ja, men ingen grunn til dramatikk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Litt som då ho brått sat med leiarvervet.
Vil engasjera
Utfordringa ho fekk på årsmøtet torsdag tok ho også på strak arm. Den friske, engasjerte dama hoppa rett i det.
- Ja da, eg trengte kanskje litt endring. Gjera noko nytt.
Vidare har ho store ambisjonar om å få fleire av sambygdingane meir engasjerte i partiet hennar.
- Eg trur Høyre har mykje å gå på her i Os. Det skal vi få vist i tida fram mot neste val. Vi treng å få synleggjort politikken vår.
Ho trur oppgåva med å få opp oppslutnaden kring Os Høyre er blant dei største utfordringane lokallaget har framfor seg.
Komfortabel
- Eg er veldig fersk, med berre eitt år bak meg i politikken. Så eg har mykje å læra. Men eg kjenner meg likevel veldig komfortabel med at eg har mange godt erfarne med på laget, blant dei nestleiar Bjørn Matland og kommunestyregruppa.
Ho kjenner seg også trygg på at avtroppande leiar May Brit H. Mjøs blir god å stø seg til og at mykje viktig erfaring kan overførast frå henne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mjøs har leia lokallaget dei siste to åra. Ho ønskjer Sperrevik til lukke med desse orda på Facebook: - Da har jeg takket av etter to år som leder i Os Høyre og sendt stafettpinnen videre. Gratulerer til Susanne Sperrevik og lykke til. Kjenner meg trygg på at Os Høyre nå har fått en leder som kan styre partiet videre mot valgseier i 2019.
Ope møte med Bent Høie
Tysdag 19. januar inviterer Os Høyre til ope møte i Os Eldresenter.
Helse- og sosialminister Bent Høie vil der mellom anna fortelja om regjeringa sine planar for ny helse- og sjukehusplan, betre eldreomsorg og ny demensplan, i følgje invitasjonen lokallaget har sendt ut.
Arrangementet er gratis for alle, og i følgje invitasjonen blir det truleg høve til å stilla spørsmål til ministeren.