Syriske Jowan med norsk laks i fast grep. (Alle
Syriske Jowan med norsk laks i fast grep. (Alle

Ferske fusingar på rundtur i heimkommunen

Bli kjend-vekene i Fusa er vorten ein suksess.

Elevane på introduksjonsprogrammet i vaksenopplæringa har før skulestart hatt eit eige «Bli kjend med Fusa»-opplegg. Dette er ei vidareføring av eit tilsvarande tilbod sommaren 2015.

I to augustveker har dei nye fusingane vorte kjende med lokalt næringsliv og institusjonar, fleire bygder og lokale tradisjonar og kulturminne.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eitt av siktemåla med opplegget er at dei som har kome til Fusa som flyktningar skal bli betre kjende med geografien i kommunen, fortel kulturleiar Erik Vangsnes i Fusa kommune.

I løpet av dei to vekene har det vore turar til Strandvik, Bogøy og Holmefjord, Hålandsdalen, Sævareid og Fusa. Nytt i år var ein dag i Bergen.

- Det vart ein "typisk" sommardag i Bergen i øs pøs regn, museumsbesøk og byvandring. Dagen var eit høgdepunkt for fleire, sjølv om han vart våt, fortel Vangsnes.

Steika vaflar og kinna smør

Innvandrarane fekk ta fleire lokale verksemder i nærare augesyn, innan både fiskeoppdrett, landbruk, handel, servering, bergverk, mekanisk industri og kraftforsyning.

Dei har også vore på besøk på kommunale arbeidsplassar som Jettegryto barnehage og Fusa bu- og behandlingssenter.

- Arbeid er eit tema som heilt tydeleg fengjer, og bedriftsbesøk er noko gruppa ønskjer meir av, legg til Vangsnes til.

På programmet stod også lokale tradisjonar og historie med besøk i Holdhus kyrkje, Eidegrend klyngjetun, offisersgarden på Engevik og bøkkarverkstaden på Samnøy.

- Dei har fått læra å laga lappar, steika vaflar og kinna smør. Det er stor interesse for å læra meir om både natur, kultur og historie, konstaterer kulturleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prøvde prestekappa

I Fusa kyrkje fekk dei møta sokneprest Einar Ekerhovd og medlemer i kyrkjelydsutvalet. Her var det omvising og ei kort innføring i kristne tradisjonar og liturgi.

- Her var det stor stas å få prøva prestekappa, fortel Vangsnes.

Han legg til at evalueringsmøtet siste dagen var svært positivt.

- Det var tydeleg at det hadde vore mange høgdepunkt og gode opplevingar i løpet av dei to vekene. Alle var stornøgde med opplegget. Arrangørane fekk også nyttige tilbakemeldingar til planlegginga av neste års opplegg.

«Bli kjend med Fusa» har vore eit samarbeid mellom Fusa frivilligsentral og kulturkontoret.

- Mange frivillige har gjort ein stor innsats. Dei fortener ein stor takk. Arrangørane er også svært takksame for at lokale verksemder og institusjonar har teke så vel i mot og delt sine kunnskapar, avsluttar Vangsnes.