Ferjesambandet kan bli innstilt på kort varsel
Det skriv Vegtrafikksentralen vest på X, tidlegare Twitter.
Ifølgje meldinga som vart lagt ut like før klokka 12 i føremiddag, kan ferjesambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg verta innstilt på kort varsel på grunn av sterk vind.
Trafikkoperatør Arne Viken seier til Bergens Tidende at den kraftige vinden kan gjera det utfordrande for ferja å leggja til kai i ettermiddag/kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Om du har tenkt deg heim frå haustferie til dømes, og skal med ferja, kan det vera lurt å leggja i veg litt tidlegare på dagen.