Fem nye smittetilfelle i helga. Mange har teke oppmodinga om å testa seg
Til saman fem personar i Bjørnafjorden fekk påvist covid-19 i helga.
Dei fem er:
Mann i 40-åra. Smitta i utlandet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvinne i 40-åra. Smitta i utlandet.
Kvinne i 40-åra. I familie med tidlegare påvist smittetilfelle.
To tenåringar. Ukjend smitteveg.
Det opplyser kommunen på sine heimesider måndag.
– Ingen av smittetilfella i helga har bekrefta samband med ungdomsfestane i Os sist veke, seier vikarierande kommuneoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen til nettsida.
Aasheim Johannesen konstaterer også at mange har teke oppmodinga om å testa seg før skulestart.
– Det er flott at folk tar ansvar og testar seg, slik at vi kan stoppe smitten i å spreia seg vidare, seier Aasheim Johannesen.