Koronatesting: N/A

Fem nye korona-tilfelle i Bjørnafjorden - fire av dei skal ha vore på same fest

Fire av dei fem skal ha vore på same fest. Det opplyser kommunen torsdag føremiddag.

Fem personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 onsdag.

Fire av dei er tenåringar der smittevegen er ukjend, men der alle dei smitta skal ha vore på same fest sist veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det femte tilfellet er ei kvinne i 20-åra. Her pågår det smittesporing.