Fekk terroren tett på
Den belgiske familien Ine Moni Favache, Gert Mathys og gutane Bo (15) og Mon (10) frå Strandvik fekk terroren litt for tett på då det small i Brussel tysdag.
Dei to gutane på 15 og 10 år hadde vore ti dagar på ferie i Italia saman med besteforeldra, Jean Favache og Sonja Kips, og var på veg tilbake til Brussel då det small.
- Dei skulle fly frå Italia til Belgia i går, tysdag, men heldigvis brukte dei ikkje den internasjonale flyplassen i Brussel. Når dei reiser heim til Fusa søndag blir dei køyrt til Nederland, for å fly derfrå, fortel mor Ine Moni Favache.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blei nokre nervøse timar for henne og mannen då dei fekk med seg kva som hende i går, og med begge gutane sine på veg mot Brussel.
- Ikkje kjekt i Brussel no
I løpet av ein time tysdag 22. mars small det to plassar i den Belgiske hovudstaden. Først kom meldingane om eksplosjon på den internasjonale flyplassen i byen rundt klokka åtte, og halvannan time seinare kom meldinga om eksplosjon på T-banestasjonen Maalbeek, like ved EUs hovudkvarter. I skrivande stund er 31 menneske bekrefta døde, medan minst 230 skal vera skadde.
- Det er ikkje kjekt for dei å vera i Brussel no. Dei får ikkje lov å gå ut, der er masse militær og politi, og av og til går terroralarmen. Mine foreldre bor i bydelen Vilvoorde, som ikkje er langt frå flyplassen, fortel Ine Moni.
Visste ikkje kvar dei var
Dei to gutane hennar skulle eigentleg fly frå Brussel til Norge i dag, onsdag. Men flyplassen i Brussel blir stengt ei lengre periode etter terrorangrepet, så billettane måtte bookast om.
- Vi var ganske redde då det skjedde i går. Vi fekk ikkje kontakt og visste ikkje kvar dei skulle lande, men heldigvis fann vi til slutt ut at dei var i Pisa i Italia, og at dei skulle lande på ein anna flyplass: Charleroi flyplass, sør i Brussel, i den franske delen, seier Ine Moni.
Fetter opplevde eksplosjonen
Etter at Ine Moni og Gert fann ut at alt hadde gått bra med gutane sine og foreldra hennar, kom ein ny sjokkmelding.
- Vi hadde nett fått beskjed om at alt hadde gått bra, så fekk eg vite at min fetter var på flyplassen då det skjedde.
Stemma høyrest oppskaka ut når ho snakkar om det. Terroren kom alt for tett på.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eksplosjonen skjedde i avgongshallen. Fetteren min er ofte på reise, og akkurat då var han på veg inn dit. Han blei blåst bort av trykket frå eksplosjonen. Heldigvis blei han ikkje skadd, berre veldig traumatisert.
Nervøs på førehand
Ine Moni gler seg til å få gutane trygt heim på søndag, og fortel at ho alt før dei drog kjente seg uroa for situasjonen i heimlandet.
- Eg og Gert skulle jobba desse dagane, så vi tenkte det kunne vera kjekt for gutane å vera saman med besteforeldra nokre dagar, og lét dei dra åleine dit.
Men ho ønskte ikkje at dei skulle opphalda seg for lenge i Brussel.
- Eg bad mine foreldre reise til Italia med dei, for eg følte det alt for utrykt i Brussel no. Der skjer så mykje, det har vore så mange terroralarmar og uro.
Planen var at dei skulle fly heim frå Brussel, men slik blei det ikkje.
Istaden blei det telefon til SAS for å booka om, og så må besteforeldra køyre gutane til Amsterdam.
- Korleis var det å vera her, så langt borte, når dette skjedde?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var ikkje kjekt! Det var ikkje mogleg å ringa, vi fekk berre kontakt via Messenger. Vår eldste son er 15, så han forstod mykje. Men dei prøvde å skjerma yngstemann på 10, fortel Ine Moni.
Visste ikkje kor ille det var
Sonen Bo Mathys fortel om gårsdagen på telefon frå Brussel:
- Vi visste kva som hadde skjedd, men var usikre på kor ille det var, og då vi landa var det mykje militær over alt
Han, broren Mon og besteforeldra skulle fly frå Pisa klokka 10. Men dei kom seg ikkje avgårde før klokka var 11.30.
- Vi var heldige som reiste med Ryan Air og landa på Charleroi istaden for Zaventem. Men før me skulle fly var det mykje stress.
Flyet blei mykje forseinka mellom anna fordi all bagasjen vart sjekka fleire gongar.
- Det var mange som ikkje turte å fly likevel og gjekk av flyet og sjekka ut, fortel Bo.
Sa ingen ting
Dei blei einige om å ikkje fortelja Mon kva som hadde skjedd.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi sa ingen ting før me landa, så han ikkje skulle bli unødvendig redd. Men eg veit ikkje kor bra han har sove i natt.
Då dei landa var der ein ven av familien, Jules Knaepen, som henta dei, for all offentleg transport var stengt.
- Kva tenkte du sjølv om å fly igår, like etter dette hadde skjedd?
- Eg prøvde å ikkje tenkja for mykje på det, men ein tenkjer jo litt på det likevel. Ein kan jo aldri vera heilt sikker. No er Charleroi eit stykke frå Brussel, men samtidig veit ein jo ikkje kor det er fleire, og det er skummelt å tenkja på.
Han synest også det er litt skummelt å tenkja på at det er funne bomber og IS-flagg i husvære ikkje langt frå der dei bur no.
- Vi er ganske nære der dei fann alle flagga og bombane, men eg prøver å ikkje tenkja så mykje på det heller. Og dette er eit fint nabolag.
Då dei landa i går var det mykje militær aktivitet kring flyplassen.
Nesten som normalt igjen
Køyreturen frå flyplassen og heim til besteforeldra tek omtrent like lang tid som frå Fusa til Bergen, og blei ei annleis oppleving i går.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Alle vegane var nesten heilt tomme, utanom rundt flyplassen, der det var stappfullt av militærbilar og politibilar. Dei køyrer rundt i byen heile tida. Og i går vart alle anbefalt å halda seg inne til ganske seint. Dei fekk ikkje dra heim frå jobb og skule.
Då dei landa i går blei morfaren til Bo intervjua av fransk TV då dei venta på å bli henta.
15-åringen frå Strandvik fortel at Belgiarane er urolege, men alt er i gang igjen i dag.
- Alle er sjølvsagt litt nervøse, men dei prøver å leva som vanleg, køyrer bil og jobbar, som elles. Det einaste som ikkje fungerer er flyplassen, som er heilt øydelagt. Bygget har kollapsa. Så flya går ikkje før torsdag.
Metroen går også igjen, men berre mellom 7 og 19 og ikkje alle linjene.
- Mor di hadde ikkje så lyst til at de skulle vera for lenge i Brussel. Var du nervøs før de drog?
- Det har ikkje vore supertrygt her i det siste, men det er det jo aldri. Her har vore fleire sovande celler i området me er i no. Det blir godt å koma heim no, men vi må venta til søndag.
- Eg må få sagt kor mykje vi set pris på at vi får bu i fred og tryggleik her i Strandvik i Noreg. Vi er så takknemlege for få bu her, avsluttar mor Ine Moni, som gler seg til å få gutane heim i tryggleik og snakka med dei om det som har hendt