Fekk stoppa utspekulert svindlar
Svindlaren (28) frå Sandnes sa at pengane gjekk til veldedighet - i røyndomen gjekk det til privat forbruk. To osingar stod opp mot svindlaren, som no er dømt for bedrageri.
Evy-Irene Søfteland og Aina Sjursen møter oss på Amfi Os for å fortelja korleis dei fekk stoppa mannen som misbrukte hjelpeorganisasjonen deira til å berika seg sjølv.
- Alt virka veldig ålreit først. Han var så flink til å snakka for seg. Han hadde erfaring frå tilsvarande arbeid i Sandnes - det sa han i alle fall sjølv, fortel Evy-Irene Søfteland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Styrte pengekassen
Det begynte sommaren 2014. Mannen gjekk ut i lokalmedia og sa at han hadde starta ein lokal hjelpeorganisasjon under det landsdekkjande konseptet "Hjelp til å hjelpe", med kommunane Os og Fusa som avdelingar. Organisasjonen annonserte i «Os og Fusaposten» med kontonummer, og folk gav. Problemet var berre at pengane gjekk i hans eigne lommer.
- Me hadde fleire folk her i Os som me hjelpte. Folk gav ting og mat til oss, som me vidareformidla. Men mannen styrte pengekassen, og var den einaste som hadde tilgang kontoen, fortel Søfteland.
- Kva tid fatta de mistanke?
- Det var då me trengde pengar til å betala for lagerleige. Me oppfordra folk til å gje pengar, for me trengde jo lageret til alt utstyret folk gav oss. Etter kvart kom dei 6.000 kronene me trengde på plass, men han sa likevel at me skulle samla inn litt til - og litt til, seier Søfteland.
Mistanken blir stadfesta
Etter kvart fekk dei ordna med lagerplass, men mistanken var vekt. Mannen sa heile tida at han trengte noko av midlane til reiseutgifter o.l., medan damene sa at det var ryddigare om dei sjølve dekte småutgiftene - slik at alle dei innsamla midlane kunne gå direkte til hjelpearbeid.
- Til slutt sa eg til han at han måtte gje oss rekneskap. Viss han ikkje ville gjera det, så gjekk me til politiet, fortel Aina Sjursen.
Etter kvart la han fram eit kompromissforslag. Han skulle driva hjelpearbeidet vidare i Fusa, og dei kunne ta seg av hjelpearbeidet i Os. Då skulle dei få sin prosentvise andel av pengane. Men så kontakta Søfteland banken.
- I banken sa dei at kontoen eg spurde om var i minus. Dei opplyste om at han hadde teke ut pengar frå banken etter kvart som dei kom inn, fortel Søfteland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire svindelsaker
Damene tok til å undersøkja litt. Dei kontakta Hjelp til å hjelpe i Sandnes - dei hadde aldri høyrt om mannen. Påståtte arbeidsforhold i Fusa viste seg å vera oppdikta. Sjølv konkrete hjelpeprosjekt mannen hevda å ha bistått med i Fusa, viste seg å vera fiktive.
- Til dømes sa han at det var to tvillingar i Fusa som hadde bursdag, men familien hadde ikkje råd til noko skikkeleg bursdagsfeiring. Og me bakte og stod i - dei tvillingane skulle ikkje mangla noko på 10-årsdagen sin! Seinare undersøkte me saka, og då viste det seg at det ingen kjende til nokon tvillingar i Fusa på den alderen, seier Søfteland.
Dei søkte på internett og oppdaga at ei rekkje personar hadde klaga på diverse andre svindelforsøk som mannen stod bak.
- Til slutt konfronterte eg han. Eg sa: "No har du møtt feil dame. Det går verkeleg ikkje an å samla inn pengar til seg sjølv under påskot av å hjelpa dei svakaste blant oss!"
Til slutt konfronterte eg han. Eg sa: "No har du møtt feil dame. Det går verkeleg ikkje an å samla inn pengar til seg sjølv under påskot av å hjelpa dei svakaste blant oss!"
Mannen blir dømt og fengsla
Dei politimelde mannen, og saka kom opp for Jæren tingrett i november i år. Han tilstod å ha teke ut 12.000 kroner frå kontoen til «Hjelp til å hjelpe» for å bruka på eigne formål. Under etterforskinga hadde det også dukka opp ei rekkje andre svindel-klagemål mot mannen. Stort sett gjeld det uberettiga vinning og underslag, der han har annonsert og selt ulike gjenstandar på finn.no som ikkje eksisterte. Totalt har han svindla for ca 95.000 kroner.
Dommen fall 11. desember. Mannen vart dømt til fengselsstraff i 110 dagar, og til å betala erstatning til dei ulike svindeloffera. Dette inkluderer 12.000 kroner til «Hjelp til å hjelpe avd. Os og Fusa».
Damene driv hjelpearbeidet vidare
Evy-Irene Søfteland og Aina Sjursen var nære ved å trekkja seg heilt ut av hjelpeorganisasjonen «Hjelp til å hjelpe Os og Fusa» då saka stod på som verst.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me vurderte sterkt å berre trekkja oss ut, og la organisasjonen dø stille vekk. Men så vart me kontakta av ein barnehage - Borgafjell Barnehage. Dei sa at dei gjerne hadde lyst å gje oss midlane som dei fekk samla inn under FN-dagen. Det redda oss. Då fekk me tilbake lysta til å driva vidare, seier Aina Sjursen.
Etter det har det gått slag i slag med hjelpearbeid. Det er ofte det mest grunnleggjande dei bistår med, som mat og klede. Mange av personane dei hjelper er åleinemødrer.
- No var eg til dømes innom med fire brød til ei dame i Os. Ho vart så takknemleg! fortel Søfteland.
Julegåver og nytt namn
- Ein del personar har ikkje råd til julepresangar, så det har me også skaffa takk vere sjenerøse osingar, seier ho.
Særleg nemner dei Birte S. Pedersen som gjennom Facebook-gruppa Julekorger 2015 har samla inn julegåver og mat i posar som Hjelp til å Hjelpe har delt ut.
- Utan alle dei gode bidragsytarane me har i Os, kunne me ikkje gjort den jobben me gjer, seier Aina Sjursen.
Og no gjev dei den lokale hjelpeorganisasjonen eit nytt namn. Det nye namnet blir truleg: «Hjelp til å hjelpe Os og omegn».