- Dei som har kome innom har fått fred til å vera her i stille, og tenna ljos. Dei hadde også høve til å snakka med meg om dei ønskja det, seier sokneprest Margrethe Holmboe Askeland.
- Dei som har kome innom har fått fred til å vera her i stille, og tenna ljos. Dei hadde også høve til å snakka med meg om dei ønskja det, seier sokneprest Margrethe Holmboe Askeland.

Fekk stadfesta behovet

I kveld var det open kyrkje etter tragediane som har råka Os dei siste vekene. Sokneprest Margrethe Holmboe Askeland fortel at dei alltid vil vera tilstades for dei som har behov for å snakka.

- Dette kjem vi til å gjera igjen, men open kyrkje kjem ikkje til å bli eit fast tilbod. Situasjonar kan oppstå, og då føler vi at dette er naturleg. Uansett, så er ein alltid velkomen innom på kyrkjetunet. Vi er tre prestar og ein diakon som står klare med opne armar, seier ho.

Bibeltekst og stille

I løpet av kvelden var det 15-16 personer innom kyrkja. Dørene opna klokka sju. Den første halvtimen var det program, med blant anna bibeltekst.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei som har kome innom har fått fred til å vera her i stille, og tenna ljos. Dei hadde også høve til å snakka med meg om dei ønskja det, seier Holmboe Askeland.

- Handlar om å sjå den enkelte

Soknepresten var på førehand usikker på kor mange som ville koma i kveld, men det er uansett ikkje talet menneske som er viktig.

- Det handlar ikkje om kor mange som kjem. Det handlar om å sjå den enkelte, seier Holmboe Askeland, som er glad for at dei valte å ha open kyrkje i kveld.

- Eg kjente at det var rett, og føler at eg fekk stadfesta det i kveld.