President i Os Lions Club, Harald Grotle, saman med leiar i Os Røde Kors hjelpekorps, Atle Vågstøl under overrekkinga av båra på Nore Neset i dag.
President i Os Lions Club, Harald Grotle, saman med leiar i Os Røde Kors hjelpekorps, Atle Vågstøl under overrekkinga av båra på Nore Neset i dag.

Fekk ny båre av Lions Os

Søknaden blei innvilga. Os Røde Kors hjelpekorps fekk båre til 50.000 kroner av Os Lions Club.

Overrekkinga skjedde på Nore Neset i dag under utdanningsmessa som blir arrangert av Os Lions.

- Vi er svært glade, seier leiar i hjelpekorpset, Atle Vågstøl og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er ei naudsynt investering som vi ikkje hadde kunna gjort på eiga hand, og som skal hjelpa oss til å leva opp til målsetnaden vår: Best på søk og redning frå fjord og fjell.

Lions Club International fyller 100 år, og Lions Club Os markerer dette ved mellom anna å løyva midlar til ei ny båre til Os Røde Kors hjelpekorps.

- Det er ein gamal tradisjon at Lions i Os hjelper Røde Kors. Då det blei samla in pengar til den første ambulansen i Os, var klubben ein stor bidragsytar, seier president i Lions Os, Harald Grotle og held fram:

- Vi er glade for å kunna hjelpa, og dette er med på å skapa større tryggleik for alle innbyggjarane i Os.

Til å henta skadde i terrenget

Os Røde Kors hjelpekorps ønskte ei ny alpin redningsbåre til bruk dersom ein skadd person må hentast ut av terrenget av mannskap til fots.

- Oftast er det luftambulansen som utfører henteoppdrag, men dersom tilhøva hindrar bruk av helikopter, er det personar på bakken som må gjera jobben, seier Vågstøl.

- Vi skal vera klare

Os Lions Club delar ut mange mindre og større beløp i løpet av året, og totalt kjem dei til å dela ut 200.000 kroner i år. Båra er altså berre eitt av mange nyttige bidrag frå klubben.

- Vi håpar sjølvsagt at båra blir brukt så sjeldan som mogleg, men vi skal begynne å trena på korpskveldane våre, slik at mannskapa kjenner til kva moglegheiter og avgrensingar redningsbåra har. Vi skal vera klare den dagen det verkeleg er bruk for oss, seier Vågstøl.