Fekk melding om ungdomar som slåst: - Kan ha vore leikeslåsting
Politiet fekk tysdag kveld melding om ungdomar som slåst i Os sentrum.
Patruljen rykte ut til staden og det var roleg då dei kom fram.
– Ungdomane kan ha leikeslåst og dei vart dimitterte. Det vart ikkje oppretta politisak, opplyser vakthavande ved politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Same kveld, kring kl 20, hadde UP laserkontroll i 50-sonen på Hatvikvegen.
Her vart det utskrive tre forenkla førelegg for fart. Høgaste målte farten var 74 kilometer i timen.
I 21-tida hadde UP også kontroll i 60-sonen på Søfteland. Her vert det meldt om fin køyring og ingen reaksjonar.
Onsdag morgon fekk politiet melding om varmgang eller brann i ein trailer. Politi og brann kom til staden. Etter hendinga vart det rapportert om «litt røyk på staden, men inga fare for spreiing». Det vart ikkje oppretta sak.