Fekk melding om trusselsituasjon: – Det har vore ein kniv involvert
Rykte ut onsdag ettermiddag.
Onsdag i 15-tida fekk politiet melding om ein trusselsituasjon på ei privat adresse i Bjørnafjorden kommune.
— Det var roleg på staden då politiet kom, opplyser politioverbetjent Christine J. Grindstein i ein e-post.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare skriv Grindstein at det er oppretta sak.
— Partane blei dimittert på staden. Det er tre partar involverte. Ein mann i 40-åra, ei kvinne i 40-åra og ei kvinne i 30-åra, skriv Grindstein.
Til Os & Fusaposten seier Grindstein at ho ikkje kan gå ut med kva truslane går ut på, og kven som har trua kven, då saka er under etterforsking.
– Det har vore ein kniv involvert, men som ikkje har blitt brukt, seier Grindstein.