Fekk melding om nattestøy frå anleggsarbeid
Har fått fleire klagar frå same stad.
Like før kl 2 i natt fekk politiet melding om støy frå anleggsarbeid ved Ulven. Politiet opplyser at dei har fått fleire støyklagar frå same sted.
– Klagen vert følgd opp, ved å ta kontakt på staden på dagtid, slik at vi kan få på det reine kven som har ansvar og kva løyve for arbeidstid som er blitt gitt, fortel vakthavande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vel kl 22 onsdag kveld blei ein bil avskilta på ei adresse aust for sentrum. Bilen hadde bruksforbod for ikkje godkjent periodisk køyrekontroll innan fristen.
Køyretøyet blei parkert på staden.