Ønskjer informasjon: Dersom andre har opplevd noko liknande, ønskjer politiet informasjon om det.

Fekk melding om bilist som «pressa på» og køyrde forbi ved barneskule

Politiet fekk meldinga onsdag morgon.

Onsdag morgon fekk politiet melding om ein bilist i Hegglandsdalsvegen som ifølgje meldaren hadde lagt seg tett opp i bilen framføre og pressa på bakfrå.

Bilen skal ha køyrd forbi meldar i 50-sone, i det meldaren meiner var langt høgare fart enn 50 km/t.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette skjedde like ved ein barneskule. Meldar ønskte at politiet skulle ha fartskontroll på staden. Dersom andre har opplevd noko liknande, ønskjer politiet informasjon om det. Aller helst ville vi ønskt at vedkomande meldte seg, kommenterer vakthavande, som legg til at meldar dessverre ikkje fekk notert registreringsnummeret på bilen.