Fekk melding om at skot var avfyrt på Lekven

Klokka 21.30 i går kveld fekk politiet melding om skyting på Lekven. Nærare undersøking viste at det truleg var fyrverkeri.

- Fyrverkeri er lov på nyttårsaftan mellom klokka 18.00-02.00. Skal ein skyta fyrverkeri utover denne tidsramma, skal ein søka om løyve av politiet. Dei som skyt opp fyrverkeri utan løyve, kan venta seg fleire tusen kroner i bøter, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Bortviste rumensk tiggar

Ein vekter på Amfi tok hand om ein rumensk tiggar ved senteret i 13.30-tida i går.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tiggaren vart fjerna frå staden då han var uønska der. Han fekk eit pålegg om å halda seg unna i 24 timar, seier Fimreite.

Unge jenter klatra på tak

På ettermiddagen i går rykka patruljen ut på melding om at to unge jenter klatra på taket på Os barneskule.

- Eg kan ikkje sjå ut frå loggen akkurat kva tak det er snakk om. Jentene forsvann då patruljen kom til staden. Det er for lett å koma seg opp på taka på skulen, og det bør gjerast noko med, seier Fimreite.