Fekk last over bilen
Ein mannleg sjåfør fekk kuttskadar då deler av lasten frå ein lastebil kvelva over frontruta hans tysdag morgon.
Det var like over klokka åtte i dag morges at uhellet var eit faktum. I eit kryss ved Kolskogen/Industrivegen stansa bilisten bak ein lastebil. Her mista lastebilsjåføren deler av lasten sin, noko som resulterte i at sjåføren fekk knust frontruta.
- Det er ikkje snakk om alvorlege skader, men sjåføren vart kutta og blir truleg køyrt til Os legevakt for nærmare sjekk, seier vakthavande ved politiets operasjonssentral i Bergen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han legg til at politiet ønskjer kontakt med lastebilsjåføren.
- Det kan verka som at lastebilsjåføren ikkje fekk med seg kva som skjedde. Han køyrde i alle høve frå åstaden utan å stoppa opp. Om rette vedkomande får med seg denne saka, ber me han kontakta politiet, seier vakthavande.