Fekk gjennomslag for tunell til Moberg
KDP Stord-Os: Undersjøisk tunell som kjem opp i dagen ved Moberg, er tilådd. Løysinga blir 1,6 mrd rimelegare enn løysing i dagen via Halhjem.
I skrivande stund pågår eit møte i referansegruppa for E39 Hordfast. Kommunedelplanen for strekkja mellom Stord og Os er klar og blir presentert i møtet.
- Det er kjekt å registera at me har fått gjennomslag for tunell frå Søre Øyane til Moberg, seier ordførar Terje Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Statens Vegvesen skriv: "me frårår løysing via Halhjem. Dette først og fremst på grunn av inngrep i det viktige frilufts- og hytteområdet, samt meirkostnader".
1,6 mrd rimelegare
Frå KDP-en framgår det eit reknestykke som viser at løysinga med flytebru med underjøisk tunell vil bli 1,6 mrd. kroner rimelegare enn dagløysinga via Halhjem.
Kostnadsestimatet for den føretrekte brua, ei endeforankra flytebru (som Norhordlandsbrua), ligg i storleiken 21 mrd. kroner. Denne brua er noko dyrare enn t.d. ei sideforankra flytebru, som vil kosta rundt 17 mrd. kroner, men rimelegare enn hengebru-variantane som kostar mellom 24 og 26 mrd. kroner.
Årsaka til at ikkje den rimelegaste løysinga vert tilrådd, er uvisse knytt til teknologi. Heile traseen frå Ådland på Stord til Svegatjørn på Os vil kosta 43 mrd. kroner samanlagt.
Avkøyring til Osøyro inne i tunell
Når det gjeld kryss på Os-sida av brua, innheld planen påkøyringsramper i fjell mot sør og kryss i Kolskogen. "Hovudtilkoplinga til E39 er på Svegatjørn med påkopling til ny E39 som er under bygging. For trafikk som skal sørover har vi lagt inn ei av- /påramping til fjelltunnelen sør for Moberg".
- Dette referer til ramper inne i den nye tunellen under Moberg. Her vil trafikk som skal ned mot Osøyro få avkøyring, seier Søviknes.
Ulemper for born og unge
KDP-en vurderer også kva konsekvensar vegutbygginga vil gje i etablerte bustadfelt og aktivitetsområde. I Os er området kring Kolskogen og Kuventræ spesielt nemnt med sine barnehagar, vidaregåande skule, barneskule og sentralidrettsanlegg.
- Området Halhjem-Moberg vert avlasta i alle altnerativ, medan området erundt Ulvenvatnet (Kuventræ) vil få endå større belastning uansett alternativ, heiter det frå Vegvesenet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dobbel linjeføring på motorvegen vil gje auka barriereverknad og støy ved mykje nytta nærfriluftsområde og aktivitetsområde for born og unge, skriv dei.
Saka skal ut på høyringsrunde i løpet av hausten.