(Illutrasjonsfoto - Colourbox)
(Illutrasjonsfoto - Colourbox)

Fekk ferten av mistenkt ruskøyrar

Hard pedalføring gjorde at politiet stoppa ein bilførar i 20-åra i går kveld. Mannen hadde verken papir eller reint mjøl i posen.

- Mannen blei stoppa i Hegglandsdalen. Han køyrde for fort, noko som gjorde at patruljen stoppa han, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Føraren hadde ikkje gyldig førarkort, og er mistenkt for å køyra ruspåverka tilstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I tillegg fann me mindre mengder hasj på han. Han blei køyrd til legevakta for blodprøvetaking, seier Hadler-Olsen.

Påkøyrd hjort

I dag tidleg kring klokka 07.00 fekk politiet melding om påkøyrd hjort på Skeisflaten. Viltnemnda vart kontakta.