Lepsøykrysset: Mannen skal ikkje ha stoppa skikkeleg opp ved skiltet.

Feitt førelegg etter brot på vikeplikt i Lepsøykrysset

Ein mann i 20-åra må ut med 7.250 kroner etter hendinga torsdag kveld.

Klokka 22.15 torsdag kveld, under ein kontroll av køyretøy, stansa politiet ein bilist i Lepsøykrysset.

Mannen skal ikkje ha halde vikeplikta i samband med stoppskilt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed fekk føraren ei bot på 7.250 kroner pluss tre prikkar på førarkortet.

Mannen i 20-åra vedtok førelegget på staden.