Feirar 150 år med potetdyrking på Øyro
Os Bondelag fyller 150 år i år. Med baldakinane som «drivhus» vert det både potet- og kåldyrking på Øyro, og stor fårikålmiddag for å feira.
Heilt sidan 1867 har bondelaget organisert bønder og vore ein pådrivar for utviklinga av Os-bygda. Foregangsmenn og -kvinner har gjennom bondelaget arbeidd for å auka kunnskapen og betra moglegheitene for bøndene, men og for heile Os.
Olav Botnevik, leiar i Os bondelag, fortel at dei vil markera jubileet gjennom heile 2017.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi ynskjer å gje osingane mat og opplevingar. Å gjera Osøyro til eit sentrum til «å eta opp», er ein del av dette. Vi vil setja ut dyrkingskassar, laga av Os ASVO, i sentrum og dyrka poteter og kål i desse. Små blømande potetåkrar og frodige kålåkrar skal gjennom sommaren pryda sentrum og minna oss om at det er maten og jorda vi lever av, framleis, fortel Botnevik.
Langbord med fårikål
Når avlinga er hausta og sauene er komne heim frå fjellet, inviterer Os bondelag og Os sentrumsforening til fårikålmiddag på Osøyro.
- Middagen vert del av ein ekstra stor Bondens dag 30. september. Denne vil, tradisjonen tru, også omfatta storfeutstilling, kåring av verlam, ekstra stor maskinutstilling og stor marknadsgate i regi av Os sentrumsforeining. Målet er å laga til ein stor fest for både små og store, fortel Botnevik.
Med seg i arrangementskomiteen har han Eivind Moberg og Hans Magnar Eide.
Dei har også alliert seg med Os sentrumsforeining og dagleg leiar William Lindborg, som ynskjer ideen om potet- og kåldyrking i sentrum hjarteleg velkomen.
- Me er veldig glade for at bondelaget ynskjer å feira sitt jubileum på denne måten, i eit samarbeid med sentrum. Dette går hand i hand med Bjørnefjorden Matkultur og dei visjonane me har om eit levande sentrum og torg. Dette er jo nettopp noko av det me vil at osingane og andre skal finna her på Øyro. Målet no er at butikkegarar og andre kan få ei eigarinteresse til dette, og at mange no når invitasjonen går ut, ynskjer å bidra til å passa på, vatna og følgja opp dyrkingskassane. Tanken er rett og slett å få til ei slags faddarordning for desse kassane, smiler Lindborg.
Han meiner dette tiltaket passar perfekt i påvente av ytterlegare «møblering» og utforming av sentrum.
- Eg har allereie vore i kontakt med ein del av butikkeigarane, og vonar at endå fleire vil melda si interesse, Dette vert ein ny måte å profilera sentrum på, som gjer at me kan skilja oss litt ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bevisstgjering
Potetene skal setjast under Vårsleppet i sentrum 29. april. Kålen om lag ein månad seinare.
Olav Botnevik vonar prosjektet også kan bidra til ei endå sterkare bevisstgjering kring kor maten kjem frå.
- Me opplever at stadig fleire er interesserte i kor maten kjem frå, korleis han er dyrka og korleis dei sjølv kan laga mat frå grunnen av. Vonleg kan dette prosjektet bidra til å auka denne interessa ytterlegare.
- Matkultur er veldig i vinden, samstemmer Lindborg, som peikar på at det nettopp då er viktig å gje næring til denne interessa.
jostein@osogfusa.no