Får gåve: Torsneset bufellesskap er eit bufellesskap for menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne i ulik grad.

Feirar 125 år med å dela ut pengegåver: Desse kan gleda seg over tilskot i Fusa

– Det er ei glede å kunna dela ut midlar i lokalmiljøet med den omvendte bursdagsfeiringa.

Det seier Tove Fossaa i Eikelandsfjorden sanitetslag.

Omvendt bursdagsfeiring

Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S) jobbar for å fremja kvinner si helse og livsvilkår og for å bidra til ein inkluderande oppvekst og trygge lokalsamfunn. Organisasjonen er Noregs største kvinneorganisasjon med 40.000 medlemer og 600 lokale lag. Fredag 26. februar feirar N.K.S 125-årsjubileum.

Artikkelen held fram under annonsen.

I høve jubileet deler dei no ut pengegåver til gode formål for å spreia glede i ei vanskeleg tid.

Vil bidra til omsorg i nærmiljøet

Dei tre sanitetsforeiningane på Fusa-sida av kommunen, Holmefjord og Bogøy, Eikelandsfjorden, og Fusa sanitetsforening, har medlemer i mange av bygdene i Fusa.

– Me er alle opptekne av å vera synlege i bygdene og bidra til omsorg i nærmiljøet. Denne gongen vert det gåver til Fusa bu- og behandlingssenter, Torsneset velforening og nærmiljøprosjekt på Holmefjord, fortel Fossaa.

Torsneset bufellesskap er eit bufellesskap for menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne i ulik grad. Dei som bur her er unge, vaksne personar.

– Bebuarane lever eit aktivt liv med tilrettelagt arbeid, dagsenter og ulike fritidstilbod. Her er eit fellesareal, både inne og ute, som blir brukt mykje til ulike aktivitetar, fortel Annbjørg Laupsa i Fusa sanitetsforening.

Godt trivselstiltak

Eikelandsfjorden Sanitetslag har kvart år, sidan Fusa bu- og behandlingssenter var nytt, planlagt og arrangert fest for bebuarar og pårørande på FBBS.

– Festane har vore eit svært godt samarbeid med dei tilsette og det har vore ei glede for oss som har fått lov å koma og laga til fest. Denne festen let seg ikkje gjera å arrangera i år, så det er naturleg for oss at gåva vår går til FBBS. Me håpar pengane bidreg til eit godt trivselstiltak til glede for både bebuarar og tilsette, seier Fossaa.

– Pengane til nærmiljøprosjektet på Holmefjord skal bidra til å rusta opp uteområdet tilhøyrande Kjellaren i Bygdaheimen, fortel Marianne Thornquist i Holmefjord og Bogøy sanitetsforening.

Artikkelen held fram under annonsen.