Feira heime, med krigen friskt i minne
Linda Kjosaas (36) har feira 17. mai i fleire ulike land. Blant anna i verdas største flyktningleir og i Jemen med rakettar susande over taket. I lys av dette, og at ho no er heime i trygge, frie Noreg, heldt ho i år talane i Øvre Hålandsdalen og Holmefjord. Les talane her.
- Det var veldig kjekt å få halde 17. mai-tale i to små bygder i Fusa kommune. Ei erfaring rikare er eg iallfall, seier Linda Kjosaas.
I år var første 17. mai med sonen Josef og første gong ho heldt 17. mai-talar for to av bygdene i heimkommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var spesielt å få koma opp i "Øvredalen" der dei ikkje har hatt tale på nokre år og på Holmefjord også. Der har dei kanskje verdas beste rauddravle.
I midten av januar i år kom ho heim til Fusa med mannen Andrew Ghafari frå Libanon og sonen Josef på under året,etter fleire år med jobb i kriseramma område, gjennom mellom anna FN-diplomatiet.
I dag jobbar ho som flyktningkonsulent i Fusa, og bur i Os.
- Eg vart spurt av dei ulike komiteane, og reknar med at eg blei spurt blant anna fordi dei ønskte å minna om kor godt me faktisk har det her. Og samtidig problematisera litt over det som skjer med flyktningar som kjem hit. Eg rekna med det var det dei ønskte, så det var det eg snakka om.
Å feira i Fusa opplevde ho også som noko nytt, etter mange år med feiring i Bergen eller utlandet.
- Eg har ofte feira i Bergen. Og mannen min, Andrew, har vore med å feira der eit år. Men i Bergen blir det så stort, det er her du får sjå det ekte fellesskapet, sånn som i "Øvredalen" og på Holmefjord, der vi var.
Les heile talen hennar her:
17.-mai-tale av Linda Kjosaas
Kjære bygdafolk, fyrst vil eg få takke for at eg fekk kome hit i dag og halde tale på denne festdagen. Det er lenge sidan sist eg feira 17. mai i Fusa kommune, og dei siste ti åra har eg ofte vore utanlands på denne dagen, men uansett kvar eg har vore så har eg mest alltid feira. Eg har til dømes arrangert 17. mai-tog i verdas største flyktningleir for kolleger og vener og stått halve dagen og kokt på rømmegraut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit år hadde eg stor 17. maifest i takleilegheita mi på ei øy midt på Nilen i millionbyen Kairo - ein fest dei få som hugsar den, snakkar om enno. Festen fekk diverre ein litt brå slutt då ein brautete, stormunna og rimeleg full sogning begynte å kaste ølflasker ned på nabovillaen som tilhøyrde den amerikanske viseambassadøren. Då sikkerhetstjenesta troppa opp på døra, var festen over, og eg er ganske sikker på at den anti-amerikanske hendinga gjorde at leilegheita vart nøye overvåka i fleire månader etterpå.
Ein 17. mai var eg i Jemen, utsendt for FN sitt barnefond UNICEF for å koordinere utdanningsarbeidet der saman med det jemenittiske utdanningsdepartementet. Eg hugsar eg hadde ein stille 17. mai det året mens landet rundt meg gjekk i oppløysing og eg låg vaken om natta og høyrde rakettane passere over hustaket for så å eksplodere nokre kilometer lenger unna. Då skal eg seie det var godt å vete at eg hadde ein plass å reise til om det vart for ille, at eg kunne vende heim att til eit trygt og godt heimland. Kollegaene mine frå Jemen kunne ikkje det.
I Libanon har eg feira 17. mai på ambassaden saman med FN-veteranar frå den norske fredsbataljonen som var plassert på grensa mellom sør-Libanon og Israel mellom 1978-1998. Vanlegvis møtest dei på 17. mai i bygda Ibl el Saqi der det bur fleire norsk-libanesiske familiar (frå lokale jenter som gifta seg med UNIFIL-soldatar) og mange snakkar norsk og tek vare på norske tradisjonar - midt på den libanesiske landsbygda. På 17. mai dekkar dei langbord i hovudgata og går i tog. Eit godt eksempel på norsk solidaritet i utlandet der ein på ein positiv måte bidrar til internasjonalt fredsarbeid.
Eg har opplevd at 17. mai eller Norway day har vore ein kjær festdag sjølv for folk som aldri har vore i Noreg. Det er nesten alltid kjekt å vera nordmann i utlandet og sjå korleis alle ein møter beundrar og respekterer Norge som år etter år får topplassering på internasjonale lister om god livskvalitet, samfunnsutvikling, demokrati, likestilling, miljøpolitikk osv. Sjølv land me liker å samanlikne oss med kan sjå langt etter mange av våre velferdsordningar. Me kjem rett og slett frå eit land der me kan feire nasjonaldagen med hovudet høgt heva.
Det avanserte velferdssystemet vårt - styrt av eit velfungerande demokrati der ein jamleg kan skifte ut dei som styrer, er ei praktisk forlenging av tankegodset bak Grunnlova vår, som vi feirar i dag, og som kan oppsummerast med følgjande tre ord frå opplysningstida: Fridom, likskap og brorskap.
Brorskapet, dei som hadde stemmerett i 1814, var berre 6 % av befolkninga, og det tok nokre tiår til før alle menn fekk stemmerett. Så omtrent hundre år etter at grunnlova vart vedteken av menna på Eidsvoll, i 1913, fekk også søsterskapet innpass i det norske demokratiet og ein byrja å snakka om fellesskap. Som du sikkert ser, 17. mai 1814 markerer ikkje at landet vårt - over natta - vart eit demokratisk land, nei, det markerer byrjinga på ein prosess der desse ideala vart prøvd ut i praksis. Ein prosess som framleis er i gang.
Eg har vore i mange land med flotte grunnlover som også er inne på dei same tankane som dei vi finn i den norske. Likevel har ikkje desse landa nådd det same demokratiske nivået som vi har, sjølv om alt ser fint ut på papiret. Norge har heller ikkje kome dit vi er i dag utan kamp. Ein har måtta kjempa mot embetsmannstanden, utanlandsk innblanding, og ta kampen for bøndene, arbeidarane, kvinnene og alle minoritetar i dette landet som ikkje har sterke stemmer, men som også har krav på å bli høyrt og få sin rett. Homofili var til dømes straffbart heilt fram til 1972,og berre i seinare tid kan ein snakke om tilnærma like rettigheter for den gruppa. Retten til fridom, likskap og fellesskap.
Den kampen er ikkje over. Og her kjem ein inn på alvoret i det eg gjerne vil formidle på denne glade dagen. Me er snart fire generasjonar i Noreg som ikkje har opplevd krig, som har hatt det godt i eitt fritt land, der ein har grunnleggande rettar og moglegheiter, som medborgarar i eit større fellesskap der vi får omsorg, vert sett og får bidra. Dette er heilt spesielt, fire generasjonar utan krigsminne, som ikkje har opplevd å miste fridomen, rettane sine og som aldri har sett mistenksamt på naboen og lurt på om han er med eller mot dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg hugsar godt for mange år sidan at eg hadde ei oppgåve om andre verdskrig på vidaregåande og gjekk for å intervjue Sigfred Leitet, ein av krigsveteranane i Fusa. Ein flott mann, Sigfred, og eg tenkjer alltid litt på han på slike dagar som i dag. Han var ein av dei mange som kjempa for vårt samfunn, for å behalde verdiane vi trudde på. Sigfred hadde mykje å fortelje om det han var med på under krigen. Han var med i den norske handelsflåten og då Norge vart okkupert av tyske styrkar og demokratiet vart bytta ut med diktatur i fem år, vart den norske flåten del av den engelske og sendt ut på farlege oppdrag.
Sigfred hadde vore med på alle dei store hendingane i havområda rundt Europa. Det var ikkje lite han hadde å fortelje. For ein ungdom frå trygge Fusa var det vanskeleg å sjå for seg mykje av det han fortalte, og eg hugsar at eg spurte meg sjølv; korleis hadde det vore å gå i frå eit slikt mareritt, eit slikt helvete, kjensla av å vere så makteslaus i møtet med ei stor krigsmaskin for så å kome heim att til det normale, til bygda og familien? Til folk som ikkje etter beste evne kunne førestille seg det han hadde vore igjennom? Kven hadde dei å snakka med, veteranane frå andre verdskrig? I ettertid veit vi at det er mykje meir ein skulle gjort for veteranane våre, men på den tida visste ein kanskje ikkje betre og det var ikkje noko støtteapparat på plass. Kvar enkelt måtte takle livet så godt som ein kunne.
I 2011 råka tragedia på nytt landet vårt, denne gongen på Utøya i ei forferdeleg handling av ein heimefødd, kvit, religiøs og nasjonalistisk terrorist. Ein som ikkje trudde på fridom, likskap og gjorde nazihelsing til fellesskapet. Heller ikkje denne gongen fekk alle dei gjenlevande støtta dei trengte. Apparatet var no på plass, men det var ikkje godt nok.
Støtteapparatet er aldri godt nok. For dei som opplever krig, som mister alt dei eig og held kjært er støtteapparatet aldri godt nok. Alt som gjer ein person til den han er: Familien, heimstaden, hus og heim, inntektskjelde - ei framtid for seg sjølv og borna vert rive bort i ein augneblink. Ein dag berre forsvinn livet slik ein kjende det og det einaste ein har med seg som vitnar om at ein ein gong var nokon, hadde ein identitet, er kanskje eit falma bilete av familien i brystlomma, eit pass, eit vitnemål eller noko anna ein klarte å få med seg i all hast før bombene falt. Kva gjer ein etter noko slikt? Kor går ein? Korleis samlar ein seg, puslar saman hjarta og går vidare med kaldt hovud?
For vidare må ein. Om det er med ein holk over eit farleg hav, på små barneføter gjennom Europa, i kamp med piggtrådgjerder og politi for å få kome seg vidare, krysse grensa, kome seg på trygg grunn.
Nokre få av dei mange millionane syrarar som har måtta flykta frå krig og øydelegging, frå ein nasjon som kollapsa framfor augene deira, har hamna nettopp her i Fusa. Dei har fått beskyttelse i Norge, med løyve om eit forsiktig håp om ei betre framtid. Eg veit at dei er veldig takknemlege for det. Likevel er det ikkje lett å berre halda fram, etter alt dei har vore igjennom. Når adrenalinet er stogga og kvardagen kjem, skal dei leve saman med oss som nye naboar, kollegaer og vener. Også dei har vonde ting bak seg, historier det ikkje alltid er lett for oss i trygge Norge å forstå. Eg håpar vi ser forbi det og ynskjer velkomen og byr på ein kopp kaffi, ein samtale om laust og fast. Opnar opp heimane og hjarta våre.
Vi har vore heldige i Norge. Kampen mot eliteveldet var ein kamp vi som folk vann, og i over 200 år har vi kjempa for fridom, likhet og felleskap. Vi må ikkje stoppa her. Det er ei urettferdig verd der ute, ei verd som stadig vert mindre og pressar seg innover dørstokken vår. Vi står ikkje aleine, vi er ikkje ein bortgøymt dal eller ei isolert øy. Vi kan ikkje ignorere problema rundt oss. Dei verdiane vi tek for sjølvsagte og som vi feirar her i dag, tilhøyrer heile menneskeheita.
Og med det vil eg få ynskje dykk ein riktig god grunnlovsdag. Feir med stolthet i dag over alt vi har fått til, et så masse is de vil, men kvil ikkje på laurbæra for lenge. Som menneskeheit har vi ein lang veg å gå.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gratulerer med dagen!