Parkeringsplassen ved Hagavik hjemmebakeri var ein naturleg plass for feiring av den nyopprusta vegbiten på Lepsøyvegen.
Parkeringsplassen ved Hagavik hjemmebakeri var ein naturleg plass for feiring av den nyopprusta vegbiten på Lepsøyvegen.

Feira 1.400 m med tryggare veg

60 millionar kronar og 43.000 arbeidstimar har det kosta å opprusta 1.400 m av Lepsøyvegen. Fredag var det høgtideleg opning.

- Det har teke oss kring halvtanna år å opprusta denne strekninga frå Grindavollkrysset og vidare utover Lepsøyvegen. Mange kunne sikkert ønskt seg at me hadde opprusta vidare utover mot Øyane også, men det var dette me fekk råd til i denne omgang, sa avdelingsdirektør i Vegvesenet, Olav Finne, då han fekk ordet på den provisoriske scenen ved Hagavik hjemmebakeri fredag føremiddag.

Trygt for born

- Me er elles veldig nøgde med entreprenøren vår Vestafjell, som me meiner har gjort eit godt stykke arbeid på denne vegen. Både krysset her ved hjemmebakeriet og vegen bortover er no blitt tryggare for gåande, og ikkje minst elevar som dykk, sa Finne og peikte mot elevane frå Nore Neset barneskule som stod samla framfor scenen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før Finne fekk ordet inntok sjetteklassingane ved Nore Neset barneskule scenen. Akkompagnert av lærar Øvyind Solheim, drog dei ein passande og herleg versjon av Lillebjørn Nilsens «Ola Tveiten».

- Me fann ut at dette måtte vera ein låt som passa arbeidskarane som har jobba på vegen, smilte rektor Børge Lunde.

Frå Os kommune var rådmann Christian Fotland og ordførar Marie Bruarøy sjølvsagt på plass.

Anders Døsen har budd ved Grindavollskrysset i heile sitt liv. Han er nøgd med korleis det har blitt etter opprustinga. - Kanskje me må kalla det Grindavollsplass frå no av, skjemta Døsen.
Anders Døsen har budd ved Grindavollskrysset i heile sitt liv. Han er nøgd med korleis det har blitt etter opprustinga. - Kanskje me må kalla det Grindavollsplass frå no av, skjemta Døsen.
Ordførar Marie Bruarøy fekk kjede-selskap av fungerande fylkesordførar Roald Kvamme.
Ordførar Marie Bruarøy fekk kjede-selskap av fungerande fylkesordførar Roald Kvamme.
Sjetteklassingane ved Nore Neset barneskule song Ola Tveiten og Ossongen.
Sjetteklassingane ved Nore Neset barneskule song Ola Tveiten og Ossongen.
Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen Olav Finne og leiar i planutvalet i Os, Gustav Bahus, var godt nøgde med dagen.
Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen Olav Finne og leiar i planutvalet i Os, Gustav Bahus, var godt nøgde med dagen.

Frå fylket kom fungerande fylkesordførar Roald Kvamme.

Dei to siste fekk også sagt nokre velvalde ord før vegen vart offisielt opna.

Grindavollsplass

Både gamle og unge hadde funne vegen til samlinga i Grindavollskrysset fredag.

Pensjonist Anders Døsen har budd like ved krysset sidan han var liten. Han var godt nøgd med resultatet av arbeidet.

- Det har vore litt bråk og styr medan arbeidet har stått på, men du verden, det har blitt veldig bra. No er det så fint her at me kanskje må endra namn på krysset til Grindavollsplass, humra Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var også nøgd med fortauget og overgangane.

- Eg ser det manglar måling på overgangen frå denne sida og over til hjemmebakeri-sida, men det kjem vel. Og eg er veldig nøgd med belysninga her. Det gjer godt på mørke vinterdagar som me har no for tida, sa Døsen.

Skal så gras

Avdelingsdirektør Finne lova at den siste finpussen skulle gjerast ferdig utover våren.

- Det er ein del ting me ikkje har gjort ferdig, og det er noko som passar seg best å gjera seinare på våren. Til dømes ventar me litt med å så gras langs med vegen til etter påske, men det skal gjerast, og det blir fint, sa Finne til applaus frå dei mange frammøtte.

Etter talane og opninga vart det bollefest og kaffi for arbeidarar og frammøtte. Bollane var sjølvsagt svært kortreiste og ferske.