Dei nye fartsdumpane ved Lysekloster skule er på plass.
Dei nye fartsdumpane ved Lysekloster skule er på plass.

Fartsdumpane er på plass

Førre måndag vart fartsdumpane ved Lysekloster skule vedtekne i trafikksikringsutvalet. No er dei på plass.

- Etter 16 år med lovnader om dumpar var vi kjempeglade når desse endeleg vart vedtekne i trafikksikringsutvalet, fortel Lene Jellestad Sandø som bur i området.

Det er så langt laga til to fartsdumpar i bakken opp til skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sandø uttrykkjer likevel uro over at dei kanskje er plassert noko langt frå kvarandre og ikkje er høge nok, slik at effekten moglegvis ikkje vert så stor som ynska.

- Men eg har vore i kontakt med Haldor Fosse i kommunen om dette, og han kunne fortelja at det eventuelt kan leggjast fleire dumpar dersom dette skulle vera naudsynt, fortel Sandø.