Farlege forbikøyringar og Back to school-party
Politiet fekk i går melding om ein personbil som utførte farlege forbikøyringar på Halhjemsvegen, samt ein skulefest der ein overstadig person måtte fraktast heim.
Rundt klokka 19 i går fekk politiet melding om ein personbil som gjorde mange farlege forbikøyringar på E39.
- Fleire av forbikøyringane var av ein slik karakter at bilen måtte gje opp forsøket midtvegs fordi det kom motgåande trafikk, fortel vakthavande ved Vest politidistrikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bileigaren skulle nå ei ferje, og det viste seg at han høyrde heime på Bømlo. Politiet på staden følgjer opp saka.
Ampert på skulefest
I Hegglandsdalsvegen vart det arrangert ein Back to school-fest, der mellom 100 og 150 ungdommar var samla for å markera at det snart er slutt på ferien.
- Det gjekk stort sett greitt for seg, men det var ein person som vart overstadig rusa. Politiet måtte frakta han heim, etter at det oppstod småamper stemning på staden, heiter det frå politiet.