- Det er berre to ting som hjelper når du vert trøytt på køyreturen. Å byta sjåfør, eller å stogga og ta ein høneblund, seier kommunikasjonsdirektør i Gjensidige, Arne Voll.
- Det er berre to ting som hjelper når du vert trøytt på køyreturen. Å byta sjåfør, eller å stogga og ta ein høneblund, seier kommunikasjonsdirektør i Gjensidige, Arne Voll.

Farleg trøytte bilistar

I ei ny undersøking oppgjer heile 43 prosent av hordalendingane at dei har opplevd farlege situasjonar i trafikken som følgje av at dei har vore trøytte.

- Mange opplever å verta trøytte i løpet av ein køyretur, men at nær halvparten av bilistane i Hordaland seier at dei har opplevd farlege situasjonar som følgje av trøyttleik, er svært urovekkjande.

Det seier kommunikasjonsdirektør i Gjensidige, Arne Voll, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Undersøkinga, som er utført av Ipsos på vegner av forsikringsselskapet, viser at det er langt fleire menn (57 prosent) enn kvinner (36 prosent) som rapporterer om farlege situasjonar som følgje av at dei byrjar å verta døsige.

- Byrjar du å glipa med auga må du svinga av vegen så fort som mogleg. Å vera trøytt bak rattet er svært farleg, seier Voll.

- Like farleg som promille

Tal frå Statens vegvesen viser at søvnige sjåførar har vore medverkande årsak til 14 prosent av dødsulukkene på vegane i Noreg dei siste ti åra.

- Å vera trøytt kan vera like farleg som å køyra med promille. Det er også forbode, heiter det i pressemeldinga.

Vidare går det fram at det finst fleire ting du kan gjera dersom du opplever å verta trøytt på køyreturen.

Undersøkinga viser mellom anna at fem av ti tek oftare pausar enn tidlegare, medan 12 prosent av dei spurte lét andre overta rattet. I tillegg fortel 36 prosent av dei som deltok i undersøkinga at dei planlegg køyreturen betre, slik at dei skal vera meir opplagte. 16 prosent svarar at dei tyr til kaffi, cola, energidrikkar eller liknande for å kvikka seg opp.

- Om du først har vorte trøytt, er det berre to ting som hjelper: Å byta sjåfør, eller å stogga og ta seg ein høneblund. Alt anna er å lura seg sjølv, påpeikar Voll.