Farevarsel for is, regn og skred i alle variantar
Torsdag kveld er eit av varsla oppgradert til raudt.
Etter fleire veker med minusgrader og tørt vintervêr, gjer plussgradene comeback.
Difor har Meteorologisk Institutt sendt ut gult farevarsel for is frå torsdag kveld og fram til fredag klokka 12.
Artikkelen held fram under annonsen.
— I løpet av ettermiddag og kveld vil det koma ein del sludd og regn. Når det treffer den kalde bakken, vil nedbøren kunna frysa til is på vegane, forklarer vakthavande meteorolog Magnus Haukeland.
Farevarselet gjeld for heile Vestlandet frå Stavanger i sør til godt og vel Molde i nord.
Heldigvis vil det bli meir og meir berre vegar utover fredagen. Mykje fordi det skal hølja ned. Difor er det også sendt ut gult farevarsel for regn frå fredag til laurdag kveld.
— Det blir aller verst på fredag. Vi har sendt ut varsel om 60-80 mm nedbør, men lokalt kan det koma 100 mm.
Våtast i Bjørnafjorden
Ein kjapp sjekk av vêrmeldinga for ulike bygder i Bjørnafjorden, viser at Øvre Hålandsdalen blir våtare enn dei fleste.
Også osingane blir blaute, men kan trøysta seg med at folk i Eikelandsosen får om lag dobbel mengde regn.
Uansett er det ikkje Bjørnafjorden som får det verst i denne omgang. Dei største nedbørsmengdene er venta litt lenger inne i landet.
— Korleis vurderer de dette farevarselet opp mot tidlegare uvêrsvarsel denne hausten?
Artikkelen held fram under annonsen.
— Vi trur ikkje det er kritisk. Dette er slikt som skjer nokre gonger i løpet av eit år. Det er fyrst når vi sender ut oransje varsel at vi fryktar større samfunnsproblem.
Haukeland fortel at prognosane for nedbør såg annleis ut i går, onsdag, og at dei då vurderte oransje farevarsel.
— Men det endra seg. Skulle det endra seg igjen slik at nedbøren tek seg opp, får vi heller vurdera å endra varselet.
Skred og flaum
Den venta nedbøren i kombinasjon med snøsmelting gjer at NVE har sendt ut gult farevarsel for flaum. Auka vassføring i bekkar og elvar vil i løpet av laurdag kunne føra til lokale overfløymingar. Dette fordi det er mykje is i vassdraga og bakken er frosen og ikkje greier å suga opp så mykje vatn.
NVE varslar også om fare for jord-, sørpe- og flaumskred. Nedbør og snøsmelting gjer at bratte skråningar, samt bekker og elvelaup med stor vassføring er spesielt utsett.
Sørpeskred kan bli løyst ut i relativt slake hellingar der vatn samlar seg. Skreda vert ofte kanalisert ned forsenkingar og bekkelaup og kan då utvikla seg til flaumskred.
Raudt nivå
For Fusa-sida av fjorden vart det fyrst sendt ut oransje farevarsel for snøskred, men dette er torsdag kveld oppdatert til raudt nivå.
Det betyr «meget stor» snøskredfare. Ferdsel i skredterreng vert ikkje tilrådd. Skred kan treffa skredutsette vegar og busetnad.
Artikkelen held fram under annonsen.