Fare for jordskred og flaum
NVE har sendt ut farevarsel for heile Vestlandet torsdag.
Det regnar tett både i Bjørnafjorden og på stort sett heile Vestlandet torsdag.
Nedbørsmengdene har fått NVE til å senda ut gult farevarsel for jordskred og flaum frå og med torsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Faren minkar frå midnatt, torsdag kveld.
Gult farevarsel er det lågaste nivået.
NVE opplyser på varsom.no at det er venta nokre skredhendingar og at utsette bane- og vegstrekninger kan bli stengde.
Det er også fare for overvatn i tettbygde område, lokale oversvømmelsar, bekke- og elveløpsendringar, jord- og flaumskred der regnbygene treff.
Rådet frå NVE er å halda deg oppdatert om utviklinga av vêret: «Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring. Rens stikkrenner, kummar og andre vannvegar.»